I Innherred 1. mars står ordførar Svarva og varaordførar Reberg i Levanger fram som varme talsmenn for kommunesamanslåing. Så stort som mulig; helst Levanger, Frosta og Verdal! Dette gjer dei utan noko mandat frå veljarane. Oppdragsgivaren er Høgre ved statsråd Sanner som med millionutdelingar til dei raske og lydige prøver å få kommunane til å gå inn i Høgre sitt store sentraliseringsopplegg. Denne gongen gjeld det kommunane, men vi har sett det same mellom anna i politireform, sjukehusreform og høgskolereform.

Varaordføraren har ein slåande biletbruk: I eit framtidig Stor-Trøndelag vil den nye storkommunen bli «motoren» i det gamle nordfylket. Ein motor kan som kjent ikkje styra sjølv. Det er nok andre som kjem til å styre motoren og gi meir eller mindre gass!

Varaordførar Reberg er her på klar kollisjonskurs med sin partifelle Kjersti Toppe, markert medlem i Stortingets helse- og omsorgskomite. I Trønder-Avisa tirsdag 1. mars har ho ein kritisk og grundig gjennomgang av argumentasjonen bak Høgres sentraliseringsframstøyt. Ho peikar på det politisk sentrale i denne manøvren: «La ikkje Sanner vinne den psykologiske krigføringa han har starta mot kommune-Norge, der målet er å få kommunar til å misse sjølvtilliten og trua på seg sjølv og eige lokaldemokrati». (T-A, 1 mars , s 2).

Svarva og Reberg oppfordrar alle til å vere med og støtte dette Høgre-prosjektet. Dei kjem ikkje inn på andre argument enn størrelse, men er bekymra for at nokon kan stemme mot pga «følelser».

Følelser? Nei, heller faktiske forhold. Det er kommunanes ansvar å yte grunnleggjande tenester til innbyggjarane - først og fremst utdanning på førskole- og grunnskolenivå, helse- og sosialtenester, ei rekke tenester på teknisk sektor og innan kulturlivet. Det er dei demokratiske styringsorgana som skal ha tilsyn med og følgje opp at dei lovpålagde tenestene får ei utforming og gjennomføring som er best mulig for innbyggjarane. Dersom dei lokale politiske organa gjer godt arbeid med grunnlag i administrasjonens tilrettelegging, vil innbyggjarane kunne bu trygt og trivast i kommunen.

For oss i Levanger ville samanslåing vere tenleg dersom det var klare grunnar til at desse kommunale tenestene vart betre for innbyggjarane i ein mykje større kommune. Men det er ikkje slik at større kommunar i seg sjølv gir betre tenester og trivsel for innbyggjarane.

Det kommunale demokratiet er ein grunnstein i vårt styresett. Lokaldemokratiet er dessverre svekka i seinare år. I ein storkommune som Frosta - Levanger- Verdal vil ei slik utvikling måtte halde fram. Mykje større administrasjon, langt færre lokalvalde politiske representantar, noko som vil bety meir sentral styring på kostnad av det lokale demokratiet.

Ønsker vi å vere med i ei slik utvikling?

Asbjørn Folkvord fra Levanger er tidligere kommunestyremedlem for SV.