Levanger bibliotek arrangerer mange samtalekvelder om ulike tema. I slutten av april var det 120 som deltok på møtet om skogfinnekulturen.

I Levanger jobbar vi no med ein ny temaplan for bibliotek. Kva skal biblioteket vera, kva skal vi satse på dei neste 5-10 åra?

Trenden er klar: biblioteka over heile landet satsar meir på arrangement, meir på å vera møteplassar, meir på aktiv formidling. Samlingane blir gjennomgått, uaktuelle bøker blir kassert og fleire framsider blir vist fram på hyllene. Biblioteka automatiserer og digitaliserer, og mange er veldig aktive på sosiale media. Samstundes skal biblioteka ta vare på den klassiske aktiviteten òg.

Vi skal ha stille område der det går an å lesa til eksamen eller berre slappe av over ei avis eller tidsskrift. Vi skal ha areal der ungar kan myldre, der lokalhistorikarar kan fordjupe seg over gamle protokollar og mikrofilm, der innvandrarar kan prate med pensjonerte lærarar for å verkeleg skjøne det nye samfunnet dei har busett seg i. Og vi skal ha plass til bøker.

Biblioteket kviler på tre pilarar: Kunnskap, kultur og det sosiale.

Kunnskap er den klassiske kjernen. Føre Internett kom var det biblioteket ein gjekk til for å finne informasjon. Ikkje alle hadde råd til leksikon i heimen, og fagbøker kunne vera dyre. Da kunne ein gå på lesesalen på det lokale biblioteket og finne oppdatert kunnskap.

I dag finn du mykje (men langt frå all) kunnskap tilgjengeleg på Internett. Du gjer eit søk i Google og får ei treffliste. Kor vaken er du når du ser den trefflista? Ser du at mange av treffa er reklame? Ser du mykje lenger enn den første sida? Kor går du om du vil lesa meir? Kan du stole på det du finn om tema du ikkje kan mykje om frå før?

Vi ser at mange bruker folkebiblioteket til å finne ekstra informasjon om aktuelle saker. Andre treng hjelp til å finne fram i offentleg informasjon eller bruke PC/Internett. Korleis skal biblioteket vera med og utvikle Levanger som ein kompetansehovudstad i Trøndelag?

Kultur er ein annan fot vi står på. Skjønnlitteraturen (romanar, noveller, dikt) har vore viktig lenge, og både musikk, film og spel er ein integrert del av tilbodet i biblioteka. Sjølv om mykje av faglitteraturen, aviser og tidsskrift har vorte digitale, ser det ikkje ut til at det same skjer for skjønnlitteraturen. Utvalet av ny, norsk skjønnlitteratur som e-bok er ganske bra, men både sal og utlån er forsvinnande lite samanlikna med papir.

Formidling av litteratur kjem alltid til å vera viktig, om han er på papir eller digital. Korleis skal biblioteket vera med og auke både lesegleda og leseevna i Levanger?

Det sosiale aspektet ved biblioteket er vorte viktigare dei siste åra. Biblioteket skal vera ein lågterskel møteplass – eller endå betre: terskelfri! Biblioteket må vera universelt utforma reint fysisk, men skal òg ta imot publikum på ein open og inkluderande måte. Uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn, alder, religion, legning, inntektsnivå, helse eller andre særtrekk: du skal kjenne deg velkomen hos oss. Vi skal ha tilbod som møter behova til så mange som mogleg. Samstundes er det sjølvsagt avgrensa med tid og pengar. Kven skal vi prioritere å utvikle nye tilbod til? Korleis kan biblioteket vera eit sosialt lim i Levanger-samfunnet, samstundes som vi skal stimulere til debatt og diskusjon? Eller skal vi heller vera ein gjær som får Levanger til å heve seg?

Ver med på diskusjonen! Kom på det opne møtet 29. mai, diskutér på bloggen, på Facebook – eller ta ein prat i skranken. Levanger bibliotek er ditt bibliotek.

Vidar Lund

biblioteksjef på Levanger bibliotek