I eit høringsnotat i Levanger blir det forslått å regulere matjord på Moan til bolig og forretningsformål. Dette er jord av beste kvalitet, folk kan sjølv sjå bugnande kornåkrar og frodige potetåkrar i desse dagar.

Kortsiktig tenking ligg til grunn når det blir foreslått nedbygging.

På kort sikt er det nokon som meiner at dette er bedre egna til boligtomter og butikkar enn til matproduksjon. På lengre sikt er dette eit spørsmål om framtidig matforsyning og matsikkerhet. Derfor blir dette eit verdivalg. Skal vi prioritera kortsiktig økonomi eller matsikkerhet for framtidige generasjonar ?

Jostein Trøite

I kommunestyret i Levanger har SV i mange saker om jordvern stått nokså aleine. Denne gongen har SP vist ei anna holdning, mens derimot ordfører Svarva har signalisert at han går for nedbygging. Det er beklageleg dersom Arbeiderpartiet går til Høyre og Fremskrittspartiet for å få fleirtal i dette verdivalget.

Jostein Trøite

Kommunestyrerepresentant for SV