Å stella i hagen sin utan kle?

Å slutta å klaga på naboens tre?

Å la alle åmer få krypa i fred?

Eller er det ein firefelts motorveg,

igjennom ei eng med timotei?

Ja, og fylla fjorden med oppdrettssei,

fra Fredriksen og Tittentei?

Ja, kanskje det er å fjerna skatt

fra kapitalistar som har det bratt?

Den usynlege handa kan styra eit ratt

mot det grøne, blinkande lyset i natt!

Ja, det er å pumpa opp oljen i nord,

for isen er ikkje lenger stor,

den er smelta fra i fjor.

Og oljen er rein, sann mine ord!

Det grøne skiftet kan du få ta,

med skattelette så går det bra,

for fleire ting det må du ha,

då blir du grøn og kjempeglad!

Nei, kva er det no du klager på?

Du meiner minister Beinbrot må gå?

At vi ikkje klimamåla kan nå?

At politikken vår er grå?

Nei, høyr no her, du kan ikkje tru,

at det er mogleg no å snu!

Nei, vi må tenkja på med gru,

om den som styrte det var du!

Du meiner vi har dårlig tid,

vi må satse alt på grøn energi?

Nei, ver no grei og litt meir blid,

oljen skal opp til 20-50!

For bølgjer og sol, vind og vått

blir altfor usikkert og smått,

Teknologien har vi ikkje fått,

så dette kjem no altfor brått!

Og grøn økonomi, for ein rar idè!?

La kapitalismen få vera i fred!

Den sørgjer for at alle blir med,

reint bortsett frå nokon arter i ny og ne.

Ro deg no ned unge kvinne og mann!

Det er vi som har byggja vårt perfekte land!

Til dette har du ikkje forstand,

så hald deg til di bøtte med sand!

«Business as usual» er trygt og godt.

Litt meire regn har vi kanskje fått,

og ras og flaum i Nedre Komplott,

Men elles har vi det riktig flott!

Og du, ein poet på din høge hest?

Nei, eg er vel helst som folk og flest,

lever mitt liv og er ikkje best,

men eg håpar mange forstår vår protest!

Marita N. Gustad

11. kandidat for MDG N-T