Slik finner du hit: kjør over Leksdal mot Steinkjer, litt lenger enn Leksdal skole og ta til høyre til Leksdalsfjellet. Bomveg kr. 30,- kontant. Det er merket parkering ved enden av vegen (Vegenden).

Dette er et nytt bekjentskap for Ti på Topp Verdal. Turen går i fint terreng i myr og fjell, via Govassholet med godt og kaldt vann, over Høltjønnvola med flott utsikt. Karmhusvollen er også et fint utgangspunkt for å gå til Henningvola, Mokk, Hærvola og Høysjøen for de som vil utforske/kombinere. I nærheten er det mange fine vann hvor man kan fiske. På selve setervollen er det 5 sengeplasser, vedkomfyr og gassbluss. Det står åpent for bruk.

Musum litle kom dit i førstninga av 1800-åra og var seinare saman med Karmhus der til ut i 1890-åra, da det vart nokre års opphør. Seinare vart det folka på Musum litle som overtok og dreiv setra åleine. 1908-12 bygde dei nye hus og setra der, men så vart det atter slutt til i 1926. Da tok dei opp setra på ny. Siste året ho var i bruk var 1948.

Siste fjøset vart bygd i 1935, og dette skulle ha gått med ein viss fart. Det var ein god gamal byggemåte som vart brukt legg forteljaren, Odin Haugmark til, venteleg for å poengtere at det var gjort «både fort og vel». Det er også Haugmark som har æra for dei fleiste gode bileta av setrar og seterliv på Leksdalfjella. Husa stod før på ein annan stad, nedi vesthalla frå Bustadknoppen. Vanlagnad med ei setertaus gjorde at husa vart flytt til ei ny tuft, men den gamle tufta er enno synleg og vollen likeeins, og er no kalla «Gammelvollen».

Som med dei fleste setrar på «Leksdalsfjella er også denne no med i beiteområdet for Leksdal fjellbeitelag. Husa på Karmhusvollen, seterbu, ei stove og to fjøs er i rett god stand. Det er elles ei av dei få setrar i Verdal som har godt vedlikehaldne hus.

Kilde: historier.no