DNT Edru Livsstil, Rydningen, Verdal, har hatt årsmøte 2. februar 2017. Årsmeldinga viser at laget har hatt seks lagsmøte, vore representert på distriktsårsmøte, tur til Vera med Veresspelet, og førjulssamling.

DNT stod tidligere for «Det norske totalavholdsselskap».

Til landsmøtet

Årsmøtet i 2016 vedtok at utsendingar til landsmøte får dekt heile landsmøtepakka, men ikkje skyssutgifter.

Vi bevilga kr. 5000,- til Statement, det alkoholfrie ungdomsarrangementet i Sul 16 mai.

På kvart lagsmøte har vi hatt opplesing fra boka om Sven Aarrestad, DNT-høvdingen som var landsstyreformann i 40 år.

Laget har sendt inn forslag om ny logo og nytt namn på DNT, som vart DNT Edru Livsstil.

Tur til Veresspelet

Vi ba inn Edru Livsstil Trøndelag på tur til Vera i august for å sjå Spelet der, ein stor opplevelse for alle, med middag på Samfundshuset, og kaffe og underhaldning på hytta til Egil Krieg som ein fin avslutning på Veresturen.

Det vart diskutert om vi treng noko distriktsstyre med bare 1 lag i Nord og 1 lag i Sør-Trøndelag som har regelmessige møte. Det er ikkje tatt noko endeleg avgjerd enda.

På tradisjonell vis hadde vi førjulssamling med gudsteneste i Verdalsøra kapell og etterpå middag på Verdal hotell.

Rydningen har lagsmøta i heimane.

Styret

Det er 23 medlemer i laget. I distriktet er det i alt 142 medlemer.

Tillitsvalgte i Rydningen er: Inger Rosvold Søfteland (leiar), Ragnhild Sundby (nestleiar), John Sundby (kasserar), Margit Okkenhaug (skrivar), Tordis Røe (styremedlem).

Nye medlemer er hjarteleg velkomne til ei triveleg kveldstund.