Einar skrev dikt om historien bak denne minnesteinen

Veteranturen som var omtalt forrige uke fikk ham til å ta det frem igjen.

Veteraner ved Sofies minnestein. Til minne om ni år gamle Sofie Nilsdatter Aasan fra Åsan østre i Inndalen som skulle til nabogården for å låne sukker.

Nyheter

I forrige uke hadde vi en sak fra Veteranan som hadde hatt en tankevekkende tur til Mulbustan, Kammardemningen og Heståsvola.

Veteranene besøkte minnesteinen etter Sofie (9)

Jenta gikk seg vill på veg til nabogården.

Her fikk de høre historien om Sofie Nilsdatter Aasan som gikk seg vill og døde da hun skulle til naboen og låne sukker.

Einar Weiseth skriver:

– I diktsamlinga mi «Fjella vart til og blomane veks» november 2012, har jeg et dikt om denne hendinga. Sofie hans Johannes med etternavn Kvelstad, bodde i Fagerlia (nabogård til Åsan der veslejenta Sofie bodde) i Inndalen. Sofie Kvelstad fortalte meg denne historia da jeg var 7 år i 1939.

Sofie og sukkerposen

Det hende, lenge, lenge sidan.

Sofie hans Johannes fortel.

Det er mai.

Kvitsymra blømer i bakkane.

Sofie, knapt ti år,

skal over til nabogarden

for å låne sukker.

Ho må over ein

djup og stygg bekkedal.

Ho kjem fram,

får sukker i ein papirpose

og skal skunda seg

heim til mor.

Nede i bakkane

sett ho seg ned og plukkar

ein fin bukett kvitveis.

Å, kor glad

mor skal verte

når eg kjem heim med

sukker og kvitveis!

Ho drøymer seg bort.

Kor er vegen heim?

Ho legg i veg

opp skråninga.

Kjem opp, men

ser korkje husa på

nabogarden eller heime.

Ho vert redd!

Går og går så fort

dei små beina orkar.

Ho kjem inn i den

mørke granskogen.

Så opp på ei stor myr.

Det er ikkje leia heim!

Kanskje om eg går opp

på åskammen?

Ikkje noko kjennemerke å sjå!

Enno ein åskam!

Lenger og lenger vekk heimafrå.

Ho legg seg ned ved

ein stein.

Held fast på sukkerposen.

Ho gret!

Mor-mor kom og hjelp meg!

Ingen høyrer henne.

Ho ser opp mot himmelen

og ber den einaste bøna ho kan:

Fadervår!

Ho sovnar.

Vaknar aldri meir.

Kva slags draumar hadde ho?

Såg ho inn i himmelrike?

Ingen veit.

Langt utpå sommaren

fann ein gjetargut

Sofie.

Sukkerposen sat fast

i den knytta neven.

Ho var fleire kilometer

heimafrå.