Innan både norsk og svensk fagrørsle, innan idrettsrørsla og i befolkninga generelt, vert det no registrert ei aukande erkjenning av at det har vore ei for lemfeldig haldning til bruk av alkohol. Dels botnar dette i store utbetalingar til alkoholbruk i samband med ulike arrangement, men det skuldast også dei negative konsekvensane som følgjer av alkoholbruken generelt.

I den samanheng er det grunn til å merke seg den enorme oppslutninga «me too-kampanjen» har fått. Samanhengen mellom alkoholbruk og seksuell trakassering er tydeleg.

Dette vitnar om ein vilje til oppgjer med tidlegare tider si maktesløyse. Ein aksept av rus inneheld også ein aksept av rusen sine følgjer.

IOGT oppfordrar alle organisasjonar om å nytte høvet til ein kritisk gjennomgang av eigen praksis på området.

Eit avgjerande spørsmål må vere: Legg vi, gjennom våre haldningar og praksis, til rette for ein kultur der rus er akseptert?

IOGT Region Midt-Norge

Per-Arne LillebøLeder

John AlmendingenSekretær