Det er ingen meiningsfylte grunnar til at dei som reiser med fly skal kunne kjøpe billegare alkoholvarer enn andre. Taxfreeordninga er med og aukar omsetting og bruk av alkohol. Taxfreesalget utgjorde i 2016 ca. 10 % av den norske alkoholomsettinga. Medan alkoholsalget på Vinmonopolet har gått ned dei siste åra, har taxfreesalget hatt stor auke.

Stortinget drøfta den 27. februar eit forslag om at Vinmonopolet skulle overta alt salg av alkoholvarer på Avinor-flyplassane. Forslaget vart ikkje vedteke, men det vart vedteke at saka skulle utgreiast og takas opp i Stortinget igjen i løpet av 2018.

Det er positivt om Vinmonopolet tek over det salget som no vert dreve av utanlandske aktørar, og at dei milliardane som no går ut av landet kan bli i landet og skattast i Norge.

Men om Vinmonopolet overtek alkoholsalget på flyplassane, vil det hjelpe lite for å redusere alkoholkonsumet. Ved behandlinga av folkehelsemeldinga i 2016 sa Stortinget seg einig i det målet regjeringa hadde om å redusere alkoholforbruket med minst 10 % innan 2025. Når ein set seg eit mål, må ein og vere villig til å sette i gang tiltak for å nå målet. Eit tiltak vil vere å avvikle taxfreeordninga.

Det er ingen andre land i Europa som no har slik taxfreeordning som i Norge, og det er ingen gode grunnar for å behalde ordninga – verken alkoholpolitisk eller samfunnsøkonomisk. Taxfreesalget gjev auka forbruk av ei usunn vare og har negativ verknad på folkehelsa og fører til kostnader for samfunnet.

Taxfreeordninga er ei usosial og urettferdig ordning, som gir spesiell yting til folk som reiser mykje med fly.

Det finst ei lang rekke samfunnsområde der 3-5 milliardar kr ville ha kome heile befolkninga til gode langt meir rettferdig, anten i form av generell avgiftslette, eller i form av betre tilbod til dømes innanfor helse og omsorg.

For IOGT Region Midt-NorgePer-Arne Lillebø (leder)John Almendingen (sekretær)