Stopp E6-galskapen, vern matjorda!

– Det er som å spille russisk rulett med sjølforsyninga.

Matjord eller fire-felts E6 gjennom Innherred: – Stopp spelegalskapen med matjorda og framtida vår, skriver innsendaren.  Foto: Marte Skjesol

Logobilde Marita N. Gustad 

Debatt

Transportøkonomisk institutt har nyleg utgjeve ein rapport om samfunnsøkonomien i vegprosjekta i landet, «Jakten på den forsvunne lønnsomheten». Den viser at 7 av 10 vegprosjekt er samfunnsøkonomisk ulønsame. Viktige faktorar for om dei er ulønsame er: 1. Høgdeforskjeller, 2.At området ligg ved kysten, 3.At temperaturen i området er lågt, 4. At området ligg langt frå sentrale strøk og 5.Befolkningstettleiken i området. Desse kriteriene viser at det enkelt kan reknast inn i kalkylene at det er lønsamt å byggje veg i indre Trøndelag. Samferdselsminister Solsvik- Olsen trakk fram i debatten på NRK politisk kvarter med nasjonal talsperson Hermstad fra MDG, nettopp Trøndelag som eit døme på at det var samfunnsøkonomisk lønsamt å gå fra to- til firefeltsveg. Den samfunnsøkonomiske nytten er at ein får meir effektiv transport av personer og gods på vegen. Og reisetidsgevinsten når ein kan gå fra å køyra i 90 km/t til 110 km/t er viktig i denne berekninga.

13 milliarder vil det kosta å kunne køyra i 110 km/t og bilistane må betale bompengar for denne samfunnsnyttige farten. Det burde vera eit paradoks for FrP!

Noko transportekspertane ikkje har tatt med i utrekningane, er den energieffektive reduksjonen som ein får når ein auker farten frå 80 til 110 km/t. I farten over 80km/t vert enerigeffektiviteten i aukande grad redusert. Det vert ein auke av energibehov, dekkslitasje, asfaltslitasje og bilvedlikehald som fylgje av den høge farten. Og dødsfall ved kollisjon.

Sjølvsagt vil den samfunnsøkonomiske gevinsten gå opp dersom ein får opp trafikken, med meir personbilisme og meir godstrafikk på motorvegen. Konsekvensen er at det vert mindre samfunnsøkonomisk å utbetra jernbanen og transportera fleire personer og meir gods der. Og det kan sjå ut til at regjeringa har kome fram til at jernbanesatsinga i Trøndelag er blitt for dyr i forhold til den samfunnsøkonomiske nytteverdien. Det er kanskje ein samanheng her?

Tap av matjord er ikkje rekna inn i kostnadsberekningen for ny E6 eller som ein reduserande faktor for den samfunnsøkonomiske nytten. Det er mykje rimelegare å byggja veg over matjorda enn gjennom fjella på Vestlandet, altså slår dei økonomiske kalkylene betre ut for vegutbygging i Innherred enn i Geirangerfjorden. Men stein har vi nok av, derimot berre 3% matjord.

Lorns Olav Aunsmo frå Nord-Trøndelag Bondelag understrekar i T-A 7.juni, 2018, at planen om ny E6 er ein stor og alvorleg utbyggingsplan for jordbruket. Mattryggleiken vert redusert. Ulempene for jordbruksdrifta går opp. Det vil komma ein lang rekke ulemper for grunneigarar, infrastruktur og folket i Innherred. På tross av dette er det ein stor fare for at kommunepolitikarar vil sjå seg blind på den tekniske og sterkt premissgjevande samfunnsøkonomiske nytteberekninga av ny E6.

Det er riktig som Aunsmo skriv at kommunane har ansvar for å følgje opp målsettingane frå jordvernstrategien frå 2015.

Målet om maks 4000 dekar nedbygging skal bli nådd innan 2020, men fortsatt gir kommunane dispensasjonar for om lag 6000 dekar kvart år.

Miljøpartiet Dei Grøne har fremja forslag på Stortinget om at kommunane ikkje lenger skal få dispensasjon frå forbodet mot å omdisponere jord. Bakgrunnen er slepphendte kommunar sin velvilje for å byggja ned landbruksjord til næringsføremål og veg. Dette forslaget fekk ikkje fleirtal. Vi kan berre håpa og jobba for at eit fleirtal av politikarane ser at ulempene og ikkje minst dei langsiktige kostnadane er større enn nytteverdien av den omfattande planen for ny E6!

MDG meiner at fleire avkøyringsfelt, 90 km/t og meir gods- og persontrafikk over på jernbane og etter kvart el-marinflåte med meir, vil vera tilstrekkeleg for transportbehova framover.

MDG er usamd i premissa som vert lagt når ein reknar ut den samfunnsøkonomiske nytteverdien.

MDG vil at omsyna til grunnleggjande økologiske faktorar som matjord skal telja meir enn ideologien i vekst- og markedsliberalismen. Den har spelt fallitt for lengst.

Og å leggja asfalt på mange kvadratkilometer av den beste matjorda i landet, er som å spela russisk rullett med sjølvforsyninga i landet. Stopp spelegalskapen med matjorda og framtida vår!

Marita Nergård Gustad

talsperson MDG Trøndelag