Anne Grete Hovde tar opp i T-A den 28.juni temaet omkring at menneske vert psykisk sjuke av krevjande arbeidstilhøve, trakassering og overgrep.

Den som har vore utsett for psykisk vald som manipulering og trakassering, kan gjerne fortelja at ein skulle ynskja at vedkomande hadde slått fysisk i staden for å angripa det psykiske velværet og øydelegga den psykiske helsa. Dette kan høyrast ut som ein overdriving av situasjonen og ein bagatellisering av fysisk vald, men tvert om så beskriv det godt korleis det oppleves å bli utsett for psykisk vald. Om ein blir utsett for fysisk vald, så vil ein ha større sjanse for å kunne føra bevis for ei kriminell handling. Vedkomande vil då kunne få sin rettmessige straff og ingen er i tvil om kven som er offeret. Ein vil gjerne ha synlege teikn på og kanskje vitne til det ein har blitt utsett for og det vil vera forståing for at ein også har psykiske sår som ein treng tid og hjelp til å bli frisk igjen fra.

Slik er det vanligvis ikkje om ein har blitt utsett for psykisk vald. Dei som er i stand til å utøva psykisk vald mot sine offer, gjer det gjerne på måtar som menneske rundt dei ikkje forstår omfanget av. Dei ser kanskje ein leiar som spøker, tuller og kritiserer og ein gir gjerne leiaren eller kollegaen sin eit stort handlingsrom for å utøva denne «uskuldege» humoren eller den kvasse leiarstilen. Ein tenkjer gjerne at han eller ho har så gode leiarevner at «litt må ein då tåla». Det kan utvikla seg ein kultur som aksepterer at menneske vert sjuke og forsvinn frå organisasjonar, relasjonar og arbeidsliv, fordi vedkomande «hadde då så svake nerver, stakkars.» Og igjen sit nokon i faste stillingar og posisjonar som kan fortsetja med sitt intrikate skodespel og sine evner og får rikeleg med høve til å utøva psykisk vald og/eller trakassering.

Hovde spør til slutt om kor mange liv som skal bli øydelagd før det skjer noko. Det er eit godt, viktig og vondt spørsmål! Ho nevner spesielt at Namsos kommune har mange saker å retta opp. Men psykisk vald og trakassering er nok dessverre eit kjend fenomen fra fleire stader enn vi aner. Dette gir store konsekvenser for enkeltmenneske, familier, organisasjoner og bedrifter.

Arbeidsmiljølova er klar: § 4-3.(3) Arbeidstaker skal ikke utsettes for trakassering eller annen utilbørlig opptreden.

(4) Arbeidstaker skal, så langt det er mulig, beskyttes mot vold, trusler og uheldige belastninger som følge av kontakt med andre.

Her kunne det gjerne stått: «...beskyttes mot fysisk og psykisk vold…».

Dessverre har ein få dommar der nokon har blitt straffa utelukkande for psykisk vald - då er det gjerne kombinert med fysisk vald i nære relasjonar. Men dersom det er påvist ei alvorlig krenking med konsekvensar for liv og helse, så er det i teorien mogleg for overgriparen å få ein fengselsdom på 6 år. Men dette gjeld for nære relasjonar, jamfør § 282. (2) I Arbeidsmiljølova står det at inntil tre års fengsel kan nyttast, jamfør kap.19(2). Men for at det skal skje må det dokumenterast alvorlig fare for liv og helse eller at lovbrota er skjedd på trass av pålegg eller oppmoding fra offentleg styremakt, vedtak av arbeidsmiljøutvalg eller oppmoding fra verneombod eller bedriftshelseteneste.

Trass i at vi har både lovverk og ei rekke institusjonar som skal ivareta den psykiske og fysiske helsa til tilsette, så er det etterkvart mange som kan vitna om at dei har tatt ut permisjon, sagt opp jobben eller blitt sjukemeldt og fått ein psykisk knekk for ein periode - eller for livet - etter å ha blitt utsett for psykiske overgrep og/eller trakassering i arbeidslivet.

Den vanligaste årsaka til uføretrygd er psykiske lidingar, ifylgje NAV.no. Det skulle vore interessant å vite kor mange som vert sjuke av eit dårlig sosialt arbeidsmiljø.

Om vi ikkje aksepterer fysisk vald, så kan vi heller ikkje akseptere psykisk vald! Dette må mykje meir inn i ryggmargen til folk flest, og ikkje minst til alle leiarar på ulike nivå, som sjølvsagt har eit stort ansvar. Kanskje det er for vanskelig å varsle? Kanskje lovene må forbetrast? Kanskje ein må ha eit strengare kontrollregime? Kanskje det må komma krav om ikkje berre ein god CV eller politiattest, men ein offentleg godkjend måling av empatiske evner for å bli tilsett som leiar?

Å ha ein relasjon til ein person som er i stand til å utøva psykisk vald, er ein trussel for liv og helse. Barn og unge (men også vaksne) må få kunnskap om korleis dei kan beskytta seg mot både psykiske og fysiske overgrep. Å styrke kunnskapen om livsmeistring i skulen, slik MDG går inn for, kan gi meir kunnskap om den psykiske helsa og hjelp til å styrke den og førebyggje for å svekke den. Det er eit problem at mange vaksne har fått lite kunnskap om den psykiske helsa.

Når det gjeld vald i nære relasjoner, så har MDG fremma eit forslag på Stortinget i samarbeid med AP, som handlar om korleis kommunen kan gi ut informasjon om den hjelpa som er å få ved vald i nære relasjonar og om betre kartlegging av behov og oppfølging av barn og familiar.

Sjølv om vi ikkje bruker verken sverd eller spanskrør lengre, så kan ord og tilsynelatande uskuldige handlingar også gjera stor skade.

Trøndelag fylkeskommune har fatta eit godt vedtak når dei tilset eit mobbeombod for elevane i fylket vårt. Kanskje det trengs noko tilsvarande for vaksne i arbeids og-organisasjonslivet?

Marita Nergård Gustad

Kvinneleg talsperson MDG Trøndelag