Innlegg

Grøn politikk for ei utfordrande tid!

Debatt

Sommaren 2018 vil nok for mange stå som ein endeleg erkjenning av at vèret ikkje er som det ein gang var og at klimaendringane er reelle og skaper mange og store utfordringar, ikkje minst for landbruket.

Denne sommaren er berre ein forsmak på kva som ventar oss om vi ikkje klarer å redusera dei fossile utsleppa kraftig!

Den 1.august var verdas overforbruksdag. Vi forbruker naturen sine ressursar 1.7 ganger raskare enn økosystema kan gjenskapa dei.

Livsgrunnlaget vårt er trua og vi treng eit breidt, folkelig engasjement, noko som vi heldigvis såg då plastproblematikken kom i fokus.

Vi grøne trur verken på å revolusjonere samfunnet med rein sosialisme eller å fortsetja med vekstideologien i dei økonomiske modellane som ligg til grunn for politikken på høgresida. Det grøne politiske grunnlaget byggjer på naturen sitt grunnlag og grenser. I det kan vi også inkludera helse og velvære. Å driva rovdrift på menneske og rovdrift på naturen heng i saman. I dei økonomiske styringsmodellene er menneske først og fremst verdsatt utfra effektivitet og produktivitet. Det er det nok mange til dømes i helsevesenet som kan skriva under på.

Men i all hovudsak har vi eit godt og velfungerande samfunn. Vi kan takka sosialdemokratiet, Ap og mykje godt politisk arbeid fra alle parti for dette. ”Moder Gro” fekk dessutan verdsvid anerkjenning for FN -boka, Vår Felles framtid, og gav viktig innhald i omgrepet, eit berekraftig samfunn. Norge hadde då, på åttitalet, sjansen til å ta leiinga i omstillinga fra eit ikkje- berekraftig samfunn til eit berekraftig. Men så skjedde ikkje, tvert imot. Også sosialdemokratane har, som høgresida, gamaldagse økonomiske modellar som grunnlag for sin politikk og såg ingen grunn til å stå imot den store veksten i oljeinntekter, auka materiell vekst og forbruk. Saman med den skandinaviske velferdsmodellen har dette gitt oss eit samfunn med relativ god fordeling og meir til eit fleirtal, men som vi ser no, mindre til eit aukande antall mennesker og samstundes store økologiske fotavtrykk pr. nordmann.

Politikken har tre hovedoppgaver framover: 1. Å tilpassa samfunnet for klimaendringane og redusera sjansen for at dei vert mykje verre. 2. Å redusera vårt samla forbruk av naturressursar til eit berekraftig nivå slik at vi klarer å oppretthalda intakte økosystem. 3. Å leggja til rette for nærings- og organisasjonsliv som verdset initiativ og idèar, framelsker motivasjon og arbeidsglede og fokuserer meir på inkludering og samarbeid enn konkurranse.

Utfordringane vi står ovanfor trur vi verken at den blå markedsøkonomien eller den raude planøkonomien kan klare aleine.

Den grøne løysinga er å kombinere viljen fra planstyringa med kreativiteten til markedskreftene. Kall det gjerne den grøne blandingsøkonomien.

Det norske og det internasjonale fellesskapet må finna fram til felles mål og vilje til å gjera alt som er naudsynt for å nå måla om eit berekraftig og leveleg samfunn for våre barn. Det er det verdt å kjempe for!

Marita Nergård Gustad

Ask Ibsen Lindal

Talspersoner for Miljøpartiet

Dei Grøne Trøndelag