«Det er alvorleg at han som har flytta inn på universitetet fordi han etter 30 år har oppdaga at det kan vera iboande motsetnader»

– Forvirring på universitetsnivå er tydelegvis nokså høgt.
Debatt

Verdal Teaterlag fylte 50 år 11. oktober 2018. Tor Haugmark har vært med helt fra starten. Karin Jektvik har skrevet jubileumsboka. De er gjester i Vækka som va. Ordførerne i Verdal og Levanger er skuffet over NAV som valgte å samlokalisere seg i Steinkjer. Vi tar diskusjonen om lokaliseringskamp på Innherre

Ove Taranger Nesbø, spaltist i Innherred, skriv i eit innlegg at ordet miljøvern bør skrotast. Hans påstand er at «ein kan ikkje vera naturvernar, klimaforkjempar og kulturlandskapsvernar på same tid». Han står fram som «tidlegare miljøvernar» men at han ikkje ser nokon «grunn til å stoppa utvinninga av olje og gass i norske farvatn».

Nesbø sine vurderingar og snuoperasjon er basert på at det kan vera motsetningar mellom ulike målsettingar innan miljøvern. Det er merkeleg at han som «gjennom 30 år som arbeidskar har arbeidd mykje med miljøoppgaver» ikkje har sett dette før. Det burde ikkje vera så vanskeleg å sjå at det i miljøpolitikk som på alle andre områder er motsetningar og paradoksar.

Nesbø må gjerne skifta syn på miljøvern, men det er alvorleg at han som har flytta inn på universitetet og «får betalt for å tenkje, skrive og undervise» vil skrota miljøvern fordi han etter 30 år har oppdaga at det kan vera iboande motsetnader på ulike område. Er det dette han skriv og underviser om på universitetet? Dersom han tar bryet med å setja seg inn i kva Naturvernforbundet arbeider med, vil han sjå at det er på eit vidt område som omfattar mykje meir enn det han kallar «klassisk naturvern».

Nesbø meiner at lesarane framleis vil vera forvirra etter å ha lese teksten hans, «men truleg på eit mykje høgare nivå». Forvirring på universitetsnivå er tydelegvis nokså høgt. Særleg klokare trur eg ikkje det er mange som blir. Folk flest, også studentar, skjøner at det er samanheng mellom dei ulike aspektane ved miljøvern.

Jostein Trøite