Spaltisten

Vennligst bekreft at du aksepterer at dine persondata……

Om du hadde visst kor mykje Facebook og Google visste om deg, hadde du mista nattesøvnen.

Spaltisten Ove Taranger Nesbø.  

Debatt

Du har kan hende oppdaga, og irritert deg over, at du det siste halvåret ofte har fått spørsmål av typen: «Vennligst bekreft at du aksepterer at dine persondata ……», der ein viser til sider med mykje tekst som du sikkert ikkje har lest grundig gjennom.

Her er ein dag spurde forsikringsselskapet mitt i høflege ordelag om dei kunne stilla meg nokre spørsmål om kva eg synes om å vera kunde i ACME Forsikring. Du skjønar sikkert at eg her ikkje vil røpa namnet på selskapet, og nyttar heller namnet ACME, slik vi alle firma heitte i Donald-blada. Under spørsmålet frå ACME, står det ei kort setning skriven på brukbart sidemål: «Ditt svar vil inngå som del av en 100% anonymisert totalrapport, ……. . ACME garanterer at dine svar behandles konfidensielt og følger krav om GDPR.»

Kva er så GDPR? Akronymet tyder «General Data Protection Regulation» eller «Regulering av bruk og lagring av persondata», eller noko i den dur. GDPR er ei EU-ordning for personvern, som frå mai 2018 her til lands erstatta personopplysningslova. Så no veit du det.

(AP Photo/Richard Drew, File)  Foto: Richard Drew, AP

av at EU prakka på oss GDPR? Altså, GDPR skal regulere offentlege og private verksemder sin bruk og lagring av personopplysningar, og EU kan gje inntil 20 millionar Euro i bot til dei som bryt lova.

Kvifor er dette viktig då, spør du? Jau, det skal eg fortelja deg. Om du hadde visst kor mykje Facebook og Google visste om deg, hadde du mista nattesøvnen.

Når eg set meg på Bodøtoget på veg til Mo og Bodø, hender det ikkje sjeldan at eg er innom ei nettavis eller guglar eit eller anna. Kva hender då? Siste gongen fekk eg tilbod om skisko frå ein sportsforretning i Steinkjer, Mosjøen, Mo i Rana og Bodø på ulike nettaviser, etter kvart eg toga oppetter landet. Korleis i all verda visste Aftenposten, Dagbladet og Innherred at eg sat på toget og nett då drog forbi Mosjøen? Og korleis visste dei at eg treng nye fjellskistøvlar, etter at dei gode og gamle gjekk i oppløysing i Trollheimen siste palmehelga?

Facebook og Google veit alt om meg og deg. Facebook og Google er blant dei mest lønsame verksemdene i verda, då dei sel informasjon om meg og deg til dei som vil betale. Likar eg det? Nei. Gjer eg noko med det? Nei. Kan eg gjere noko med det? Tja.

Vi snakkar om Big Data, eller Stordata, med stor B, D og S . Kva er Big Data? Verksemder kan samle uhorvelege mengde data om alt mogeleg, lagre desse og knytte dei til objekt som flyttar seg rundt i geografien. Dette er mogeleg fordi vi har datamaskiner med enorm prosesseringskraft og uendeleg lagringskapasitet. Vidare er det er stor kommunikasjonskapasitet gjennom fiber og mobildata i store delar av landet, slik at det er mogeleg å samle data over alt og heile tida og kople dette til identifiserte fenomen som personar og fysisk objekt.

Lat oss sei at du har delt på FB at du likar pizza, til og med lagt ut bilete av deg og dine ein gong det åt pizza. Kan hende har du ein gong søkt etter «pizzarestaurant» då du var på harrytur i Oslobygda. Kva hender då når du ruslar rundt i vakre byar som Bergen, Ålesund og Trondheim, og anar fred og ingen fare? Då poppar det kan hende opp eit strålande tilbod frå Egon, som du registrert i augnekroken for eit lite minutt sidan, om «Pizza-buffet for kr 110,- fram til kl 18». Du har kanskje lysst på eit skikkeleg sjømatmåltid, der du kosar deg i kystbymiljø. Men, nei, no har Facebook, Google og Egon funne ut at du heller vil ha pizza.

Treng vi GDPR? Ja, absolutt. Takk til EU. Takk for at nokon tenkjer på oss naive, uvitande menneske som trur alle vil oss godt. Ligg det vonde krefter bak Big Data? Nei, berre teknologi. Teknologi er som det alltid har vore, verken vondt eller godt.

Som dei fleste nye teknologiar, kan den digitale teknologien oss mykje godt. Vi kan gjere saker og ting betre, fortare eller meir smertefritt. Men nye teknologi fører også til ny risiko, nye måtar vi kan feile på.

Tenk første gongen eit menneske sto med ein nyslipt kniv i handa. Tenkte ho på knivmord? Nei, ho tenkte på mat. Trur du bilkjøring utan midtdelar hadde vore lovleg om bilen hadde vore oppfunnen hundre år seinare? Neppe. Den digitale teknologien har gitt oss fantastisk mykje bra, men den kan brukast til å øydelegge for oss, med eller utan overlegg.

Den svenske strategiguruen Kjell A. Nordström fortel oss at GUD og FAANG styrer verda. Då meinar han ikkje Gud med stor G, men Globalisering, Urbanisering og Digitalisering, tre sterke drivkrefter som påverkar alt og alle. FAANG er Facebook, Apple, Amazone, Netflix og Google, alle verksemder som endrar og kanskje styrer kvardagen vår, tida og pengebruken vår.

Treng vi GDPR? Ja. Frå 2018 måtte alle verksemder, offentlege og private, ordna seg etter GDPR. Dei kan ikkje lenger gjera som dei vil med våre persondata, og takk for det. Vil dette verka? Tja, neppe på kort sikt. Kanskje på lengre sikt.

Det vil bli svært krevjande for mange verksemder. Bror min, Jarle, som nesten er 100 % god og snill, driv verksemda HelseGym1 AS i Leklemsåsen med fysikalsk behandling og trening i terapibasseng. Han vil merke det godt, då han sikkert har mykje personinformasjon liggjande på ulike harddiskar. Desse personopplysningane skal ikkje kome i hende på forsikringsselskap, sportsforretningar, treningssentra, Facebook, Google eller naboen. Det er hans ansvar som dagleg leiar å syta for at desse personopplysningane er innelåst og trygge. Om ikkje HelseGym1 gjer jobben sin, kan Jarle få inntil 20 millionar Euro i bot. No kjenner ikkje eg personøkonomien til bror min, eg les ikkje skattelister, men eg veit sopass mykje at det har han ikkje råd til.

GDPR. Big Data. GUD. FAANG. For de som ikkje er truande på noko som helst, kan de kryssa fingrar og tak eller banke i bordet. For oss som er truande til litt av kvart, må vi vel få inn GDPR inn på bønelista.

Ein periode i livet mitt trudde eg faktisk på at Gud kunne lesa tankane min, og det bekymra meg, dår eg hadde mange syndige tankar og kroppslege behov. No trur eg heller Gud har viktigare oppgåver å konsentrere guddomskraft på, enn kva ein stakkars lektor i Levanger til ei kvar tid måtte tenkja på. No er eg inne i ein periode då eg trur at FAANG kan lesa tankane mine, og det bekymrar meg skikkeleg, då eg har mange verdslege tankar og materielle behov.

Den første tida eg budde her på Innherred var eg medlem av eit fåtal klubbar og organisasjonar: Nessegutten, Den Norske Kyrkje og songkoret Salig Blanding. Elles var det kan hende arbeidsgjevaren min, NOTEKO, banken, Levanger kommune, forsikringsselskapet, NTE, Telenor, reisebyrået og fagforeininga som hadde tilgang mine persondata, kontonummer og kredittkortdata.

Ikkje det at eg kunne skjula meg heilt den gongen heller. Lokalavisene la fullt lovleg, men likevel tvilsamt, ut skattelistene til allmenn lått og løye. Rikingar og alle oss andre kunne enkelt merkast med namn, alder, yrke, inntekt og formue. Ein kjapp kikk i den tjukke telefonkatalogen, og kven som helst kunne finne ut kvar ein bur. Personnummeret var vel heller ikkje langt unna dei som ville ha det.

Men på den tida, vi snakkar om siste del av førre årstusen, måtte ein høyre til mitt sosiale nettverk for å finne ut at eg den gong likte å lese romanar, fotografere, spele og sjå fotball, syngje i kor, lage og ete mat.

No veit FAANG og mange andre nesten alt om meg. Og det er min eigen feil og naivitet at det er slik. Den digitale verda er farleg for ekstroverte, halvgamle menn som meg. No veit FAANG og resten av verda når eg treng nye fjellskistøvlar, når eg er ute og padlar og er oppteken av å redusere straumrekniga mi for dei neste månadene. Før var dette ei privatsak, no delar eg dette med alle som vil ha tak i pengane mine.

Oppsummert. Akronymet GDPR tyder «General Data Protection Regulation» eller «Regulering av bruk og lagring av persondata», eller noko i den dur. Neste gong du får spørsmål som «vennligst aksepter ……», svar kva du vil. Du kan i alle fall vera litt tryggare for at din leverandør har orden på sakene, og ikkje sel personopplysningane dine til høgstbydande skurkeselskap for 30 sølvpengar.

Det var det eg ville fortelje om GDPR, GUD og FAANG i denne omgong.

Forbrukar, lærar og kyrkjesongar