Innlegg

6. februar

Den 6. februar feira vi samanes nasjonaldag. Gratulerer med dagen!
Debatt

Det er riktig og viktig at samane, Noregs urbefolkning, har sin eigen nasjonaldag. Slike merkedagar gir rom for feiring, men òg for ettertanke.

I vår relativt nylege historie har det samiske folket dessverre vore utset for overgrep og åtak på mange forskjellige område frå majoritetssamfunnet si side. Språk, kultur, næring og råderett over landområde kan nemnast. I vår tid er det kanskje behageleg å tenkje på slike historiske urettar som nettopp historiske urettar. Ei slik haldning kan likevel gjere oss tilbøyelege til å oversjå det presset som majoritetssamfunnet den dag i dag utøver, for eksempel mot tradisjonelle samiske næringar og kulturlandskap.

På Storheia i Fosen har det lenge vore planar om ei storstilt vindmølleutbygging i beiteområde for rein, trass i store protestar mellom anna frå lokale reineigarar. Denne utbygginga har norske myndigheiter gitt konsesjon til. Saka er klaga inn for FNs rasediskrimineringskomité, som har tatt klaga til følgje og bedt om at utbygginga må stoppast inntil vidare. Denne tilrådinga har regjeringa valt å ikkje ta til følgje. I staden ber dei FN trekkje tilrådinga om å stoppe utbygginga på Storheia.

For Noreg som har ratifisert ILO-konvensjon 169 om urfolks rettar og som frå historia har sine svin på skogen når det gjeld maktovergrep mot den samiske folkesetnaden er dette eit skandaløst eksempel på arroganse frå den norske staten si side i møte med samiske interesser.

På regjeringa sine eigne sider står følgjande å lese: «Hovedprinsippet i ILO-konvensjon nr 169 om urfolk og stammefolk i selvstendige stater er urfolks rett til å bevare og videreutvikle sin egen kultur, og myndighetenes plikt til å treffe tiltak for å støtte dette arbeidet». Når samiske kulturlandskap og næringar vert overkøyrd av den norske staten utan tilsynelatande interesse for kva FN sine organ måtte ha å seie om måten staten forvaltar regelverket den har bunde seg til, da får formuleringar som at «urfolk har rett til å bevare og vidareutvikle sin eigen kultur» ein hol klang.

Samisk kultur er ein rikdom for Noreg. Men samisk kultur har òg rett til å eksistere i alle sine ulike former i kraft av seg sjølv. Staten Noreg har plikt til å leggje til rette for dette. Det betyr mellom anna at samiske interesser ikkje kan ofrast gong etter gong målt opp mot ulike samfunnsøkonomiske kalkylar. Det betyr at ein må ta inn over seg kva det betyr at samane er ei av folkegruppene i Noreg og at også samisk kultur og næringsdrift har ein ibuande verdi. Dei som tar avgjerder i departement rundt ikring må tenkje meir over dette.

Levanger SV