No må denne galskapen snart ta slutt

Eg tek til å bli lei han der Ole Gunnar Solskjær, skriv han.

Manchester United manager Ole Gunnar Solskjær reacts during the English Premier League match between Cardiff City and Manchester United at the Cardiff City Stadium in Cardiff, Wales, Saturday Dec. 22, 2018. (AP Photo/ Jon Super)  Foto: Jon Super, AP

Debatt

Eller rettare sagt, eg trur eg er sjalu. Eg les alt som står om OleG, og eg vert meir og meir sjalu. Det kunne vore meg, tenkjer eg, men eg valde skulen, tenkjer eg. Eg rota vekk livet mitt på lågskular, høgskular og universitet, tenkjer eg.

No, i haust oppdaga eg, heilt tilfeldig, at mor mi held med Molde fordi ho likar OLE GUNNAR SOLSKJÆR. Far min berre plumpa det ut av seg ein kveld eg ringde heim, ein slik vanleg sonen-ringjer-heim-telefon. Det var ein søndag kveld, nærare bestemt 30. september 2018, og det var Molde mot RBK på fjernsynet, og eg sjekka litt om mor held avtalen vår om at ho heiar litt på Rosenborg sidan far min og bror min held med Brann. Det gjorde ho ikkje, ho held ikkje avtalen vår, ho heia på Molde og han der gutvotten OleG.

Mor mi har alltid sagt, og eg har til no trudd henne, at ho så godt det let seg gjera delar likt mellom bror min og meg. Vi er berre to søsken, så både brøken og logikken er lett å forstå seg på. Ho har difor alltid vegd orda sine, sølvtøyet sitt og kjærleiken sin i to like delar: halvparten til bror min og hans familie, og halvparten til meg og mine. Trudde eg. Heilt til dette hende no i haust, nærare bestemt siste søndag i september. Klokka 2032.

Mor mi likar Ole Gunnar betre enn meg, fekk eg inntrykk av. Ho heiar på Molde, når dei spelar mot Rosenborg, sei far min slik tilfeldig, fordi ho likar så godt Ole Gunnar Solskjær. Som om dette ufattelege sviket skulle vera kjend for meg. Korleis skulle eg vita det? Ingen har fortald noko som helst om dette til meg, eldstesonen, odelsguten, gromguten. Og ikkje nok med det. Trur du ikkje Molde slo oss denne vonde kvelden? Og eg sat i Levanger og kjende på tapet i Molde, med vissa om at mi eiga mor sat der i sydvest å jubla over at Rosenborg tapte for OleG, Røkke og heile Aker-konsernet.

Korleis kan mor mi lika den gutvotten OleG? BABYFACE!! Eg trudde mor mi likte breiskuldra, ubarberte, tøffe og sterke menn, med varme og sjarmerande smil. Slike karar som likar sjokoladekake og byr på gode klemmar. Neida, her spreier ho om seg med merksemd, kjærleik og heiarop til ein spinkel mørekrølltopp utan skjeggvekst. BABYFACE ASSASSIN, seier no eg.

Eg har i grunnen alltid likt OleG, sjølv om han spelte for Molde og ManU. Han lukkast med alt eg drøymde om. Var ikkje det nok at han var toppspelar, spør eg meg sjølv? Kunne han ikkje nøgd seg med å vera stesonen til Sir Alex og overtidsmålet i CL-finalen? Suksess og heltestatus som spelar, var ikkje det nok? Neida, OleG måtte lukkast som trenar også. Det er over alle grenser.

Sjalusi, rett skal vera rett, det er reinspikka sjalusi. Mor har to søner, det burde vore nok. Mødre på snart åtti år bør ikkje ta til seg fleire søner, det sei seg sjølv. Tre er ein for mykje, tenkjer eg.

Det må her seiast at eg nok har følgd tett på OleG heilt sidan han fekk vikarjobben i ManU, berre fordi han er norsk, vestlending og dyktig. Og kan hende fordi han er kledeleg, gledeleg og kjedeleg beskjeden. Eg held jo ikkje med ManU, men har sidan adventstida likevel håpa ManU skulle vinna kvar kamp. Unnataket var kampen mot Liverpool, eg likar Liverpool og Klopp, og skulle gjerne stemt med i «You Never Walk Alone», på Anfield eller ein sliten pub, med full hals.

Dei siste vekene, etter den usannsynlege sigeren mot Paris SG, har eg tenkt mykje på OleG. Litt i overkant ofte, det vert beint ut for mykje for meg. Det er klart at eg er glad for at Solskjær vert verande i Manchester og ikkje lenger skal trene Molde. Slik slepp vi (RBK) nok også denne sesongen å bli klippa ned av pengemaskina til Røkke, men for meg er det viktigare at mor mi sluttar å heie på Molde, får eg tru?

Det er rein og (sol)skjær sjalusi. Alt lukkast for OleG, der det verkeleg gjeld å lukkast, på fotballbana. Man at han klarar å tuske til seg ein bit av det store, men kan hende avgrensa, kjærleiken og merksemda til mi eiga mor, det er ikkje verken godt eller rett.

Her går eg og sparkar småstein på eit nedrykkstrua universitet, medan OleG lukkast på den store arenaen og solar seg i glans og glitter. "Du må satse på skulen", sa mor mi, og det gjorde eg. Jammen sa eg smør, kva har ein att for det? Kven tel studiepoeng og akademiske grad i våre tider? Neida, OleG, OleG. You are my Solskjær, meg her og der.

Det er ikkje sikkert mange som har fått med seg at Liverpool kan vinne PL i år. Er ikkje det noko å skrive om, er ikkje det stort? Det heller er ikkje sikkert mange som har fått med seg at den norske Toppserien og Eliteserien startar denne helga, der vestlendingar skal trene alle dei beste laga i Norge. Er ikkje det vert å snakke om?

Eg tek til å bli lei av alt maset om OleG. Det kjennes akkurat som om eg har ete for mykje kokesjokolade, og det har eg litt erfaring med. Sånn nokre kokesjokoladebitar om dagen over fleire månader. Det vert kvalmande, rett og slett. Dei første bitane er sjølvsagt infernalsk gode, og nesten sunne. Kokesjokolade er å rekna som ein av «5 om dagen», men fem bitar kokesjokolade om dagen, vert for mykje. Det kjenner til og med eg. Kvifor legg folk frå seg kokesjokolade i kjøkkenskuffene til heiderlege folk? Eig dei ikkje vit og skam?

Kvifor skriv dei om OleG rett i syninga til heiderlege folk? Eig dei ikkje verken skamvit eller samvit? No syns eg det bør setjast ei grense ein stad. Når ein hausar opp gutungar på denne måten, slik at ein stakkar vaksenkar er i ferd med å miste både morsarven og gangsynet, er det noko som er hakkande gale.

Stopp denne galskapen, medan det enno er tid. No vil eg oppmoda alle, også mødre i slutten av syttiåra, til å retta merksemda mot heilt vanlege menneske, som gjorde som foreldra sa: Las leksene sine, skaffa seg utdanning, hus og heim og levde sine heilt normale fotballiv, utan heider, ære og glorie.

Ove Taranger Nesbø

Skulelys og tidlegare fotballspelar i Eikanger, Lindås, Bergen & Omegn Fotballkrets junior, Knarvik, NTNU, Støren og Nessegutten Old Boys