Meninger

Sosialdemokratisk hyttepolitikk

Jostein Trøite  Foto: Tor Johnny Friberg

Debatt

Vegard Austmo, som no stiller for Arbeiderpartiet, skriv på Facebook om god sosialdemokratisk tradisjon.

«Sikkerhet for egen eiendom er selve grunnlaget for vårt demokrati.» For SV er allmenn stemmerett grunnlaget for vårt demokrati, det har det vore sidan 1913 da også kvinner utan eigedom kunne stemma. Før den tid var eiendomsretten grunnlaget.

Vidare skriv Vegard Austmo: «Klimapolitikken løses ikke via hyttepolitikken, men med en generell velferdsnedgang.» SV har som politikk både aktiv klimapolitikk og fortsatt velferd. Det vil vi oppnå ved solidarisk fordeling og rettferdig skattepolitikk. Fortsatt velferd betyr ikkje at privatforbruket og økonomisk vekst skal gå på bekostning av klima og miljø. Velferd er noko anna enn eit privatforbruk på bekostning av komande generasjonar.

Austmo går også til angrep på vern av urørt natur: «Dagens strenge vern er et hinder for å løse klimakrisen.» Eg trur det er mange som lurer på kva for verneområde i Levanger det er Arbeiderpartiet vil avvikla.

Så kjem Austmo sin konklusjon: «Størrelsen på hytta skal ikke bestemmes av andre enn den som vil bygge.» Dette er ikkje SV sin poltikk, vi meiner at allmenne samfunnsinteresser og miljø/klima tilseier at dette er eit område som skal regulerast.

SV vil at det er gjennom demokratiske valg at samfunnet skal styrast. Det er ikkje private utbyggarar som skal bestemma, hverken i Sjøgata, ved Roknesvollen eller ved Åsenfjorden.

Jostein Trøite, listekandidat Levanger SV