Tonane som aldri kom til Stiklestad!

Debatt

Då kantatenemnda i Nidaros Stiftsdireksjon seinhaustes 1928 lyste ut kantatetevling med tre og ein halv månads skrivetid, var det mindre enn to år igjen til høgtida i 1930 skulle feirast. Departementet hadde løyvd 6000 kroner til premiar (i 2019-kroner 207750 kroner), og kantatenemnda fordelte det med 2000 kroner til forfattarane og 4000 kroner til komponistane. Det kom inn 56 manuskript til teksttevlinga.

I mars 1929 vann trønderen Olav Gullvåg førstepremien. Deretter følgde komponisttevlinga med over 10 månader skrivetid. Der hadde begge vinnarane valt førstepremieteksten til tekstgrunnlag for tonane, og vi var no i februar 1930.

Kantatenemnda sa m.a. om vinnarmelodien: «Ved den diskrete behandling av de førkristne elementer i diktningen og med en fin musikkultur foretatt avdempning og delvis strykning av hvad der av teksten kunde virke mindre skikket i kirkelige omgivelser, har komponisten paa en fortsaaelsefull maate imøtekommet den i Olavsfesten hvilende kirkelige grundtaanke.»

Og om andrepremien får vi vita: «Komponisten har med nogen frihet overfor tekstgrunnlaget skapt et i melodisk og formell henseende lett tilgjengelig verk i oversiktlige, smukt avrundede satser.»

Denne omtalen var mogleg av di det i den åtte mann sterke kantatenemnda var det to komponistar og to forfattarar etter innstilling frå organisasjonane deira. Men det var i utgangspunktet avgjort at forfattarane skulle ut når nemnda kom til musikken. At komponistane skulle gå i gang med å tilpassa teksten til visse kristelege synsmåtar, ser ut til å ha vore ein utenkt tanke. Men dei som sat att i nemnda var tilfredse med komponistendringane i teksten. Der var ingen igjen til særskilt å ta vare på forfattarane sine opphavsretts- og åndsverksinteresser.

Mellom sju komponistar vann Oslo-komponisten Ludvig Irgens-Jensen førstepremien. Hans motto «Heimferd» (etter ein avsnittstittel i teksten) har i ettertid vorte ståande som sjølve namnet på kantata i dei fleste samanhengar.

Og «Heimferd» fekk premiere i Oslo først i desember 1930 med Oslo Filharmoniskes kor og orkester. Mange oppføringar for fulle hus i 1931, og m.a. i radio eit par gongar. Suksessen med «Heimferd» berga Oslo-filharmonien frå konkurs. Til jubileumsbyen Trondheim kom kantata først i 1937.

Andrepremien gjekk til trønderen Arne Eggen, med «Kong Olav», première ved Ceciliaforeningen i Oslo 1933, kom til Trondheim i 1934.

Den upremierte sunnmøringen Maurits Moarits Ulfrstads «Heilag Olav» song Bondeungdomslaget i Oslo i 1931, fem år seinare var det søsterlaget i Trondheim som stod for framføringa som vart kringkasta på riksnettet. Det var ein komposisjon som amatørar òg kunne meistra; og med berre ein solist, medan både første- og andrepremie-komposisjonane var for profesjonelle kor og orkester med sju solistar.

I 1946 kom «Heimferd» på nytt til Trondheim, og har seinare også vore framførd både der og i Oslo. Då Operaen i Oslo i fjor feira 10-årsjubileum for det nye huset, var «Heimferd» ein av programpostane i jubileumsveka.

Då Norsk kulturråd var med og gav ut «Heimferd» på CD-rom i 1993, inneheldt programheftet to heilsides portrett av komponisten, halvsididge portrett av solistar og dirigent, ein to-sidig biografi over komponisten der forfattaren så vidt var nemnt, men verken portrett eller eigen omtale av forfattaren, trass i at det var jo teksten som var grunnlaget. Og på omslaget til programheftet og kassettane er det berre komponisten som er nemnt med namn.

Olav Gullvåg skreiv «Heimferd» og fullførte senere Spelet om Heilag Olav.   Foto: Portrett frå biografien om komponisten Ludvig Irgens-Jensen. Oslo 2000.

Det var teksten som var grunnlaget. Men komponistane fekk dobbelt så stor pengesum i premie enn forfattarane og tre gongar så lang tid for å skriva tonane, enn forfattarane fekk til teksten, og nytta den tida m.a. til å omorientera åndsverket ideologisk og fekk skryt av kantatenemnda for det:

– «delvis strykning av hvad der av teksten kunde virke mindre skikket i kirkelige omgivelser» (om Irgens-Jensen),

– «har med nogen frihet overfor tekstgrunnlaget skapt et i melodisk og formell henseende lett tilgjengelig verk» (om Eggen).

Som vist i illustrasjonen, til neste år er det 75 år sidan teksten kom til Stiklestad. Men tonane til teksten ventar Stiklestad framleis på! Kanskje det snart var på tide at ein eller annan av melodiane òg kunne komma til Olavs-høgtida på sjølve slagstaden?

Oddmund Utskarpen