Innlegg

Det trengst ein landsby...

Debatt

...for å oppdra eit barn, heiter eit afrikansk ordtak. I vår individualiserte tid er det lett å gløyme. Ansvaret ligg hos foreldra først, men ein treng gode barnehagar, skolar og sosiale fellesskap for å bli «gagns menneske» som det heitte i læreplanane før.

Levanger har gode barnehagar og skolar. Likevel ser vi at det finst utfordringar i ungdomsmiljøet. Korleis kan vi alle bidra til at Levanger blir ein betre plass å bu?

I Senterpartiet kombinerer vi trua på det sterke lokalsamfunnet og den aktive kommunen. Kommunen sitt bidrag må vera barnehagar og skolar av topp kvalitet, med lærarar og andre tilsette som ser ungane. I tillegg har kommunen eit medansvar for å gje ei meiningsfull fritid.

Gjennom kulturskole, idrettsanlegg, ungdomshus, bibliotek og andre aktivitetar gjer kommunen ein direkte innsats. Senterpartiet vil styrkje ungdomsarbeidet gjennom faste ungdomstilbod på Åsen og Skogn i tillegg til sentrum. Kommunen må òg i endå større grad vera med og stimulere det frivillige barne- og ungdomsarbeidet.

Likevel – alt dette vil vera fånyttes dersom ein ikkje tek ungdommen med på råd og lyttar til det dei meiner om sin eigen situasjon. Derfor vil det vera viktig å styrkje rolla til ungdomsrådet i Levanger, slik at barn og unge si stemme kan bli sterkare i det politiske systemet.

Vidar Lund

Listekandidat for Senterpartiet i Levanger