Velg matjorda og 90 km/t!

Debatt

I Innherred, 05.09, gir Røstad og Stokke utrykk for at utbygginga av ny E6 er ein av dei viktigaste sakene som politikerene skal ta valg om den næraste tida på vegne av folket og framtida.

MDG Levanger og Verdal er enig i dette. Og som det har komme fram i deira og fleire andre innlegg, så er det mange gode grunner til det. Stort tap av matjord er ein svært viktig grunn.

1000 år tar det å danne eit godt lag med matjord. I ei teskjei næringsrik jord kan det leve fleire millioner bakterier og mange andre  viktige mikroorganismer.

Matjorda er ein ikkje-fornybar ressurs.

1 minutt og 13 sekunder pr. mil vil ein spare ved å auke fartsgrensa fra 90 km/t til 110/kmt timen, viser NAF sine utrekningar. Det skal godt tallgrunnlag til for å forsvare at ein motorveg med 110 km/t sparer så mykje tid og pengar for folk og næringsliv at det kan forsvare ulemper, irreversible inngrep i jordbruksland og ekstra kostnader som for eksempel bompenger.

Vi vil behalde mykje av dagens trase og maks 90 km/t hastighet.

I ei tid med klimaendringer, økologiske kriser og auka internasjonal ustabilitet, treng vi fleire tiltak for å sikre sjølvforsyninga, ikkje store irreversible inngrep i landbruk og natur!

Vi grønne har ein 0-visjon for tap av matjord.

Store utfordringer krev store målsettinger!

Gi din stemme til matjorda og framtida!

Stem grønt!

Trix Scherjon

1.kandidat MDG Levanger

Marita N.Gustad

2.kandidat MDG Verdal