E6 i Levanger: Stopp galskapen - tenk nytt!

Debatt

Det var berre det som mangla. Statens Vegvesen relanserer ein økonomisk sett billigare trase gjennom Levanger kommune, men som vil pløye gjennom den beste dyrkajorda og legge beslag på enda meir matproduserande areal.

Det kan verke som om planleggarane av veg lever sitt eige liv på tvers av all annan samfunnsutvikling og politiske signal. Prognosane deira ser åpenbart bort frå at verda er inne i ei klimakrise og at vi er godt i gang med å ordne det slik at menneska ikkje lenger kan bu på store delar av planeten. Det faktum at milliardar av kroner kan brukast til heilt andre formål til det beste for folket i Trøndelag, er neppe deira oppgåve å ta stilling til.

La os få ein slutt på denne galskapen. Kva er det vi EIGENTLEG treng av vegutbetring gjennom vårt distrikt?

1 Det er naudssynt med ny vegtrase frå Stjørdals-grensa og forbi Åsen, ikkje minst av bredskapsmessige omsyn. Ei større ulykke eller krigshandlingar kan enkelt «dele landet i to» ved Langstein/Vuddudalen. Av same årsak bør det vera ein to-løps tunnel for å unngå stengningar under vedlikehald.

2 Det trengs utviding av vegen frå Gråmyra fram til tunnel forbi Nossum

3 Det er i tillegg påkrevd med ny trase frå Mule til Verdal grense.

Eksisterande veg frå Åsen fram til Gråmyra og frå Momarka til Mule er i dag med midtdelar, og kan enkelt utvidast etappevis med fleire forbikjøringsfelt til ein rimeleg penge og utan å ofre større areal med matjord.

Dessutan: Sjansane blir sagt å vera store for at «Nye Veier» kjem til å overta heile prosjektet før noko som helst er vedtatt. Da bør det nye kommunestyret i Levanger gripe sjansen og sette foten ned for denne planlagte miljømessige og økonomiske galskapen.

Knut Holmen

Komunestyrerep. Ap, Levanger