Innlegg

All norsk melk økologisk

Innsenderne, lokallage i Trøndelag til Økologisk Norge, mener at all norsk melkeproduksjon skal legges om til økologisk i løpet av en femårsperiode.  Foto: Marte Skjesol

Debatt

Lokallaga i Trøndelag til Økologisk Norge er mellom hovedaktørane i og bak ØKOUKA i Trøndelag. På felles styremøte mellom Økologisk Nord Trøndelag og Sør Trøndelag i ØKOUKA er det gjort slikt vedtak:

All norsk melk økologisk. Økologisk Nord Trøndelag og Sør Trøndelag foreslår at all norsk melkeproduksjon over ein 5-årsperiode legges om til økologisk og at all foring med soya til norske husdyr trappes ned over ein 5-årsperiode.

Kommentar til vedtaket: Dette forslaget vil på kort sikt løyse ei av dei største utfordringane norsk landbruk har stått overfor på lenge: Nedtrappinga av melkeproduksjonen pga slutt på eksport av Jarlsbergost. Nesten 10% av den norske melka brukes i dag til produksjon av Jarlsbergost. Denne produksjonen må bort innan kort tid. Med dagens produksjons-, forings- og økonomiregime betyr dette at mange kyr og mange melkebønder må bort.

På lang sikt vil forslaget styrke tiltrua til norsk landbruk generelt og alle norsk melkeprodukt spesielt. At alle norsk melkeprodukt vil vera 100% økologisk vil vera ein verkeleg styrke for det norske landbruket

Reint teknisk vil forslaget om «All norsk melk økologisk» bety ein «naturleg» reduksjon av melkemengda i Norge. Forslaget er faktisk gjennomført i småskala i Østfold. Der hadde økomelkprodusentane, TINE og Felleskjøpet eit prosjekt der alt for var norsk og kraftforprosenten var låg. Gjennomsnittskua på økobruket tar i dag opp vesentleg meir grovfor enn den konvensjonelle kua. I økologisk mjølkeproduksjon er det eit mål å ha høg grovfôrandel i fôrrasjonen. Dette betyr at dyra må kunne ta opp store mengder grovfôr. I 2016 var grovfôropptaket hos kyr på konvensjonelle bruk i Trøndelag 65 MJ (9 Fem) per dag i snitt, mens snittet for kyr på økologiske bruk var 77 MJ (10,9 Fem) per dag viser TINE-statistikken.

Vi meiner at melkeproduksjonen pr ku no har blitt for høg. Ved litt lågare melkeyting pr ku vil ein kunne produsere melka med mindre kraftfor pr liter melk. Den mest bærekraftige kjøttproduksjonen får du ved kombi kjøtt/melk-produksjon. Ved lågare melkeyting pr ku vil ein også produsere fleire kalvar som igjen kan gi meir kjøtt. Viss ein større del av desse kalvane produserer kjøttet på nesten berre gras så vil dette vera svært bærekraftig. Vi vil gjerne også vise til fagartikkel av Harald Volden som ligg på Tine sine medlemssider som viser til fordelar ved reduksjon av melkemengde pr ku. Sjå her

Vi håper at Staten og faglaga i samarbeid med TINE vurderer forslaget vårt.

Rita Natvig

Nord Trøndelag Økologisk Norge

Guro Skatvedt

Sør Trøndelag Økologisk Norge