Innlegg

Spelet, en inspirasjon til refleksjon over en situasjon, og en porsjon administrasjon og spillfekteri.

Innsenderen, som kaller seg Engam Valo, er inspirert av et tidligere innlegg av Flunra Agah og har gjort seg refleksjoner rundt spelet og framtida.  Foto: Tor Ole Ree

Debatt

«Usakle referat vil - om redaktør’n Spælle på lag - muligens følge.» Det er eit InnSpill frå ein bladfyk som kallar seg Flunra Agah. Mykje tyder på at namnet høyrer til ein innvandrar frå eit framant land som ikkje har vit på dei utmaningane som spelar seg ut på Stiklestad. Kanskje har han vori og bivåna Spelet på Testiklestad?


Innleiinga opplyser at han hev vore i møte i skåpet til formannen. Då er det kanskje på tid at formannen kjem ut or skåpet og fortel oss uvitande menneskje kor skåpet sto, og kvifor for lite pengar heve vorte ei utmaning for å få til eit nytt spel.

Eit kjend ordtøke seier: «Når krybba er tom, bitest hestane.» Slaget på Stiklestad handlar altså om bismi blant hestane. Og dei er det mange av. Då vil løysinga væra å berre ha med ein hest, kongshesten, slik at kongen kan bruke tida si på å spela for galleriet. Dersom det er eit krav at det må være mange dyr i amfiet, er løysinga spelsau. Som mange veit, har vi overskot av det dyreslaget. Etter framsyninga er det då berre å servera sodd og fårikål til eit sultent publikum.

Når orkesteret gjerne kan nytta speldåsar og koret samstundes syng med sine slurver, er eg heilt sikker på at dette vert ein publikumsmagnet og ei oppleving som vert hugsa i lang tid.

Dei heilt store innkomene kjem når kongshæren entrar amfiet. Det er, etter som soga seier, snaut tretti store hundrad som hev vore i utlandet og teke imot arbeidsavklåringspengar. Desse måtte dei seinare gje attende til landet sitt. Vi veit no kva som sidan hende. Difor vart hærmennene opptakten til det store oljefondet som syner at vi nordmenn er gode for nær tri millionar kroner kvar. For å bringe tilgards dei millionane som trengs for at spelet skal verta sikra framsyning i 2020, er det berre å spørja om godvilje frå eit par hærmenn.

Når bladfyken Agah viser til: Det store spelet, av Tarjei Vesaas, klårgjer det kvifor kongshæren trakka ned åkeren på Sul. Når kongen samstundes og med malmfull røyst undrar seg om dette er garden Sul?, må ein spørja seg om kongen eigentleg er på utkik etter ein høveleg gard som kan væra bufast for seg og sine?

Historia syner at det ligg potensiale til fridom i det å driva gard. Med ein nedtrakka åker vil prisen på garden verta vesentleg lågare enn om åkeren sto så fint som i år, ifølgje sonen på garden.

Så attende til Vesaas: På garden Bufast bryt bonden røter og stein til stor åtgaum frå sønen Per.

«Du skal bli på Bufast all din dag” seier far til Per Bufast som etter lang tid med gardsdrift finn meininga med livet. Det er stor likskap mellom Per Bufast og kongen som begge kjempar ein indre meiningskamp om meininga med livet. Per på sin måte etter at bror hans, Botolv, døyr som liten gut, og kongen mot heidenskapen som bryt i Gudrun Torgeirsdotter. Dette i stor kontrast til Helga som leikar og freistar gutane til syndige tankar, og Vesaas sin Åsne som Per Bufast ikkje fekk fordi han ikkje sette sine syndige tankar ut i livet men bærre ofra seg for gardsdrift og slit.

Så difor, med litt nyskapande tankar, er eg heilt sikker på at det vert eit fantastisk spel i 2020.


Vyrdsamt:

Engam Valo

(Heller ikkje autorisert.)

Skjørholm (Som vil vera anonym)