Samanes nasjonaldag: – Det er viktig at vi ikkje slår oss til ro

Levanger SV mener samiske spørsmål må tas opp også eller s i året, og ikke bare på nasjonaldagen. Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix 

Debatt

Den 6. februar er samanes nasjonaldag. Gratulerer med dagen! Det er viktig og fint at vi har ein dag der vi kan feire og setje pris på den samiske kulturen.

Det samiske folket og den samiske kulturen er og har alltid vore ein del av landet vi no bur i. Av den grunn er det viktig at vi har 6. februar som feiringsdag, nettopp fordi samisk kultur er ein viktig og grunnleggjande del av samfunnet vårt.

Det er likevel viktig at vi ikkje «slår oss til ro» med feiring, markering og gratulasjonsønsker den 6. februar for så å la det gå eit år før vi igjen tenkjer på at det finst samisk kultur og historie i nærmiljøa våre. Samiske interesser står i fleire tilfelle ovanfor press frå storsamfunnet. Nedbygging av tradisjonelle samiske kultur- og næringslandskap kan nemnast som eit eksempel.

Det er særs problematisk om samiske interesser blir oppfatta som «særinteresser» stilt andsynes «ålmenne interesser», for eksempel i arealspørsmål.

Historisk og notidig bruk av areal, til dømes i næringssamanheng, må oppfattast som ein viktig kulturberar for det samiske samfunnet. Her har majoritetssamfunnet eit særskilt ansvar for å ta omsyn til samiske interesser og ikkje minst for å tenkje heilskapleg.

Om kommunane på Innherred kvar byggjer ned ein relativt liten del av det samiske kulturlandskapet dei rår over kan resultatet likevel verta eit formidabelt inngrep og ei betydeleg nedbygging av samisk kulturlandskap.

Det samiske samfunnet og den samiske kulturen er ein verdifull del av samfunnsveven i landet vårt og fortener å bli ivaretatt, sett og respektert. Dimed er det på sin plass å feire 6. februar og å seia gratulerer med dagen. Men det er også på sin plass å ivareta, sjå og respektere samisk kultur når kvardagen atter kjem.

Levanger SV