Svar til Ståle Grønn om elg

- Der ein før rapporterte ein elg berre ein gong, skal ein no rapportere inn kvar gong ein går seg på den same elgen

Gisle Green sier han fører et føre-var-prinsipp i saken om elgkvote.   Foto: Erlend Aune

Debatt

Ståle Grønn stiller i Innherred 23.07.2020 spørsmål ved kunnskapsbakgrunnen for utmarksutvalget si avgjerd om å redusere skytinga av elg i nedre-Verdal tildelingsområde.


Eg kan kun snakke for meg sjøl, men dette var inga lett avgjerd, og ho vart til nettopp fordi vi manglar kunnskap, eller vi hadde motstridande kunnskap på området. På den eine sida har vi dei jegerane og den grunneigaren som kontakta oss, frå Leksdalen og Volhaugen, og som var veldig uroa for elgbestanden i sitt område. Dette er lokalkunnskapen, og det er dei som veit kva som rører seg i skogane rundt seg. På den andre sida har vi statistikken, som i og for seg talar for seg sjøl. Normalt er det den vi burde ha støtta oss på, og det var det både rådgivaren hos rådmannen og mindretalet i utvalget gjorde. Men. Det et er eit stort men her. Systemet for innrapportering åt hjorteviltregisteret vart omgjort for to år sia, slik at det er veldig vanskeleg å samanlikne tala frå dei to siste åra med tidlegare år. Der ein før rapporterte ein elg berre ein gong, skal ein no rapportere inn kvar gong ein går seg på den same elgen. Dette gjer at det var vanskeleg å ta ei avgjerd eine og åleine på det grunnlaget at det ikkje er nokon nedgang i observert elg. Etter eit føre var-prinsipp gjorde eg meg difor opp den meininga at det er betre å stramme inn for tidleg enn for seint. Syner det seg om eit år eller to at dette var heilt feil, så kan ein problemfrit heve talet igjen. Hadde ein derimot vald den andre vegen, at det var sant og vi hadde skote for mykje elg no, så kunne det teke mange år å byggje opp att ein stamme. Eg vil óg avdramatisere konsekvensane av det heile, for reduksjonen er frå 115 til 100 dyr, og det førre året var avskytinga på nett 100 dyr. Det blir altså ingen reduksjon frå det som vart skote i fjor. Slik resonerte no eg, og så veit eg somme såg det annleis, og det kan godt vera at det er dei som har rett. Vi veit ikkje, det er det som er! Men innan det skal lagast ny bestandsplan, så har den nye teljemetoden fått eit par år til på seg.

Gisle Green, nestleiar i Rødt Verdal