Dette vil vere det beste tilbudet til alle – unge, gamle, asmatikarar, overvektige, leikelystne og vinnarskallar

Slik vil den nye hallen på Røra ligge, ifølge skissene. 

Debatt

Trønder-Avisa sette i førre veke søkelyset på fraflyttinga fra norddelen av fylket vårt. Sivert Rossing konkluderar sin kommentar slik: «Hva har nordlige Trøndelag som ingen andre har?» Kanskje bør vi samtidig også spørre: Kva er det vi ikkje har, som «alle andre» har? Det er mellom anna kunstis. Gamle Nord-Trøndelag var, saman med Sogn og Fjordane og Finnmark, einaste fylket utan noko form for kunstisanlegg. Og det trass i at kunstis har stått på fylkeskommunen sin anleggsplan i over 40 år.

Kva skal vi med ein ishall, når det knapt fins organisert isidrett i vår del av fylket? Byar som Kristiansand, Tromsø, Haugesund og Kristiansund har bygd ishallar med same utgangspunktet - ikkje for å gje eit aktivt idrettsmiljø betre vilkår, men for å auke attraktivitet og betre omdømmet – med Rossings ord - for å lokke noen potensielle tilflyttarar. Dei tre beste argumenta for kunstis i vår region er oktober, november og desember – månader med korte dagar, utan snø og ofte surt vér. (Januar ser ut til å bli det fjerde gode argumentet).

Den nærmeste hallen for ishockey ligger i Trondheim, der det beste laget Nidaros for tiden holder til på nivå to. På nyåret kom det 2.360 tilskuere for å se toppoppgjøret mot Ringerike.  Foto: Kristian Stokdahl

I 1/3 av året vil ein ishall vere det beste tilbudet til alle – unge, gamle, asmatikarar, overvektige, leikelystne og vinnarskallar. Heilt uforpliktande og grunnleggjande særs billeg for brukarane – du treng berre eit skøytepar til 200 kroner og den sykkelhjelmen du har fra før. (Så kjem nok dei organiserte isidrettane etter kvart til å fylle hallen til seint på kveld – all erfaring tyder på det).

Eg trur ikkje Steinkjer eller Levanger, som begge opplevde folketalsnedgang siste året, skal bygge kvar sin ishall. Til det er nok byane litt for små. Det kan sjå ut til at 50 - 60 000 innbyggjarar er det som skal til for å fylle ein ishall. (Narvik, som bygde ishall i 2010, har rett nok færre innbyggjarar enn Steinkjer). Men sett du passarspissen på Røra og slår ein sirkel med 20 minutts køyretid, vil det bu ca 60 000 innbyggjarar innafor sirkelen. Ein ishall på Røra vil liggje midt mellom NORD universitet sine to lokasjonar i fylket, med tre folkehøgskolar og fem vidaregåande skolar innan rekkevidde. Tomta er regulert og forprosjektet er skissert som byggetrinn tre av Rørahallene. Å realisere ishallen er krevande – det krev nok innsats både frå fylkeskommunen og dei berørde kommunane. Men det bidreg til attraktivitet og eit rikt liv, og dermed vil det lønne seg.

Robert Øfsti

Skøyteglad pensjonist