Vuku, verden og klimaet: – Vi må få arbeidsplassane ut dit folk bur.

Debatt

Da eg vaks opp, mest på 50-talet (40-talet hugsar eg lite av), vaks eg opp utanfor eit lite bygdesentrum (Vuku). Det var nesten ingen som hadde bil den gongen - berre dyrlege, lensmann og prest og nokre storbønder. Vi hadde heller ikkje bil og vi trong det ikkje heller,for vi vekk tak i det vi trong på på det vesle bygdesentret like ved. Der var det filial til samvirket, sportsbutikk, bakeri, fleire skreddarar, salmaker, bensinstasjon, kafe og meieri, og tre kilometer lenger øst var det mølle. Vi hadde også posthus, skole, brannstasjon, bibliotek, telegraf, badstu og kino.

Jordbruket vart drivi med hest og mannekraft og etter kvart kom det nokre små traktorar til.

Når ein samanliknar med tida i dag, er det nesten ikkje til å kjenne seg igjen.

Familiane har ofte to bilar og trafikken rundt store sentre sneglar seg i kø p.g.a vegane blir for små.

Vi får billige klede frå Asia, billig frukt frå Sør-Amerika. Vi får brød frå store bakeri, som ligg ved storbyen. Vi sender dyra til slakting langt av garde og sjølv pendlar vi ofte langt avstad til ein arbeidsplass. Og arbeidsplassen må helst vera slik at vi kan realisere oss sjølve, slik at den krev lang utdaning fra universitet i ein av våre store byar. Landbruket i dag blir drivi med store maskinar, der ein kjører lange strekningar for å avle og hente for.

Kva er grunnen til den store skilnaden mellom 50-talet og i dag ? Sjølvsagt er det bruken av fossil brensel. Dette gjeld ikkje berre Norge, som er ein oljeproduserande nasjon. Nei, det gjeld stort sett heile verda.

Sjølvsagt kan ikkje dette vare. Olja blir oppbrukt etter kvart, og klimaet blir meir og meir ødelagt.

Mange trur idag at ein kan erstatte energien frå fossil brensel med sol og el-energi. (All energi er eigentleg solenergi, unntatt kjernekraft). Det er berre den haken at den energien vi har brukt dei siste åra, er energi som sola har produsert gjennom millionar av år, men vi får berre tilgang til solenergi for eitt år av gangen og det er berre ein svært liten del vi kan ta i bruk.

Politikken i dag går ut på å bygge større vegar , vindkraftanlegg og omlegging til elkraft for bilar.

Men kan dette i det heile tatt løyse dei problema vi står ovanfor ?

Eg trur at den beste måten er å lære av fortida. Men sjølvsagt er det ingen som vil tilbake til 50-talet.

Likevel trur eg einaste løysinga på problema våre er desentralisering. Vi må begynne å sy våre eigne klede, lage våre eigne skor, dyrke vår eigen mat. Vi må få arbeidsplassane ut dit folk bur.

Vi kan heller ikkje dyrke vår eigen mat ved hjelp av store maskinar, som krev enormt mye fossil energi. Eg trur ikkje det er mulig å elektrifisere landbruket fullt ut.

Eit anna gode som vår dessertgenerasjon har vent seg til, er lange ferieturar til sørlige breiddegrader. Denne muligheiten har vi sjølvsagt fått på grunn av vår bruk av olje. Så kjem det an på kva vi er villige til å forsake på grunn av klimaet. Men ein ting er sikker, og det er at vår måte å leve kjem til å stoppe seg sjølv.

Ingolf Dillan


Lik Innherred debatt på Facebook