Heia Torunn. Eg er glad for at slike politikarar og eldsjeler finst.

Debatt

Heia Torunn og alle som hever røysta og hjartet for kultur- og trehusbyen

No bur eg i Grong, men følger med på utviklinga i Levanger. Utanfrå registrerer eg eit stadig høgare engasjement for Levanger sentrum. Det går ofte lengre og lengre tid mellom besøka i Levanger med sjuseters bil, ein liten skokk, gardsbruk og travel kultursjefjobb i min nye kommune.

Men då er jamvel utviklinga meir merkbar. Då eg forlot Levanger i 2001 var sentrum langt i frå så levande som i dag. Det blir betre!


Det som også blir betre er at eg utanfrå merkar meg at det er fleire og fleire som snakkar høgt om sentrumsutvikling. Eg ser ikkje alle, men eg merkar meg innsatsen frå til dømes KRF-politikar Torunn Skjæran.

Eg ser fleire altså, men har valt meg ut Torunn for offentleg oppskryting på bakgrunn av at det kjem regelmessige dryp av utsegner som utfordrar kommunen til å dyrke og utvikle kultur- og trehusbyen.

Eg er glad for at slike politikarar og eldsjeler finst og kjenner at dette er ein pacemaker for mitt Levangerhjarte når det går for langt i mellom heimturane. Stå på!

Trond Martin Sæterhaug


Lik Innherred debatt på Facebook