Will I ever see you again

"Broken dreams" illustrert av spaltist Ingigerd Husbyn. 

Logobilde  

Debatt

Utsagnet ovanfor er sirleg saga ut i tjukk mdf-plate i eitt stykke. Stikksaga har nok tatt nokre rundar med seg sjølv før den gjekk laus på verket; dei vakre bokstavane i teksten omkransar dessutan eit augnepar, kvinnelege, litt skrå.

Greier eg dette, greier eg alt, kvin saga før den tar sats, hoppar opp og ned og skjær ut see og you i elegant slyngestil. Vanskeleg nok, men verre skal det bli:

Once again I wake up and realize you are gone

er undertitlane på i alt 6 liknande verk i mdf.

It´s too late to tell you

You make me implode.

Også dette greier eg, sukkar den handheldte saga, utan så mykje som ein tanke for dei nokså såre utsagna; men konsentrerer seg no altså djupt om det handverksmessige.

Desse litt uvanlege kunstverka- og, kan ein seia - kunststykka, er etterpå måla omhugsamt med kvit farge, eggeskal. Der heng dei no saman, verka, side om side på nordre langveggen i galleriet på Nils Aas Kunstverkstad, Straumen, Inderøy. Den iherdige Stikksaga og Målepenselen er på denne kvelden reingjorte og lagt pent tilbake i - kva veit vi, eske og penselreingjering?

Handverket i seg sjølv kan no kvile på sine imaginære laurbær og håpe inderleg på at teknikken held. Såre utsagn i mdf, fire strøk med akrylmåling, synt fram i eit gult hus i ein sving på ei halvøy, midt i Trondheimsfjorden. Vakrare kan det vel ikkje bli?

(Mdf-plater er fiberplater laga av trefiber, voks og lim. Vert mye brukt i møbelindustrien)

Kunstnaren, derimot? Ho står i ei krå, bit neglar og ventar nervøs på domen frå publikum.

Kvifor held eg på med dette? tenker kunstnaren. Ho heiter Sara og er dansk.

Kanskje er ho inspirert av Jenny Holzer, (amerikansk konseptkunstnar) som i alle år har uttrykt seg gjennom elektroniske tekstar på bygningsfasadar, veggar og liknande: store bokstavar i blått, raudt og gult som lyser mot oss i natta i dei store byane. Også Oslo. Holzer formidlar alltid ein bodskap, politisk gjerne, men og private utsegner. Ofte er det kjente klisjèar som brått gir ei ny meining i den konteksten dei står i, eller dei treffer oss rett i hjarterota; enten grunna den enorme storleiken på bokstavane, eller den situasjonen du som menneskje er i akkurat no eller da var:

Protect me from what I want.

I smell you on my skin.

Moses hogg bokstavane sine i stein: Du skal ikkje, osv.

Det skrivne ordet er alltid eit sterkt medium. «Det står i bladet!» seier Grandtante, da det vera sant. (Ho meiner Stjørdalsbladet)

Tilbake til Sara. Sara overlevde nok opninga av utstillinga si og applausen frå det alltid litt kritiske trønderske publikum. Vi er nok ikkje kjente for å gå amok på kunstutstillingar, korkje i den eine eller andre retningen. Men helst vil vi sjå noko som er forståeleg og lettfatteleg, men som også ser ut som at det er vanskeleg å laga! Gjerne noko i olje, ein kornåker eller eit landskap med det berømte lyset over Innherred. Og er kunstnaren vidgjeten, landskjent eller har meritter å visa til i form av vanskeleg barndom, gjentekne fyllekuler, skandalar eller brå død, så set vi gjerne pris på det, og kanskje kjøper vi eit bilde med heim for å plassera over sofaen og syne fram. – (Staden der den danske Sara no står og bit neglar, er oppkalla etter ein kunstnar (av stort format, rett nok) som datt og slo seg i hel, alt for tidleg.)

Vi er i midlertid slett ikkje uimottakelege for nye impulsar frå kunstverda- nei, var det likt seg!

Mdf-skulpturane til Sara heng jo så fint på veggen, kvite «tre-kniplingar» mot kvit vegg. Ja, for dei er meir skulpturar enn relief. Dei kastar nemleg skugge på den kvite flata og skapar slikt eit fint rom. Og meldinga om han som har dratt sin kos? Kven kjenner ikkje igjen seg her...

Dagen etter opninga er vi på plass for å sjå nærare på verka og utan å måtte strekke seg over og under ryggane på notabilitetar med vinglas - for å få ein glimt. Ettersom eg har forelska meg i desse kunstverka, har eg no god tid til å studera teknikken og handverket.

Har eg ikkje sjølv ei elektrisk stikksag der oppe på arbeidsrommet mitt, tru? Nesten ikkje brukt heller, rota vekk ladaren har eg visst men. Men så, kva skulle eg skriva, for deretter å saga alt ut med ustø hand?

Smykker i metall dreiv eg rettnok med ein gong i tida, men måtte legga det vekk, vart mest hamring og sjau. Babyen i magen min likte det ikkje, ilter sparking oppi min nedre ribbevegg; hammar og ambolt vart derfor lagde på hylla og aldri seinare tekne fram.

Handverkaren i meg klør derfor framleis i fingrane etter denne utstillinga.

– Vi får sjå.


Lik Innherred debatt på Facebook