Frykt ikkje, grøn omstilling kan bli fint!

Debatt

Det har rent mykje vatn i havet og pengar inn i oljefondet sidan verda klarte å redde ozonlaget. Miljørørsla var med og påvirka utfallet. Ho fikk òg rett i at gasskraftverk ikkje var framtida - dette var ei viktig erkjenning for norsk kraftproduksjon. På same måten er heller ikkje MDG eit særinteresseparti.

Jauda, Miljøpartiet dei Grøne heier på unge mennesker som har klimabrølt. Eller - er det ei overdriving å snakke om klimakrise? Titusenvis av forskarar, inkludert Bjørn H.Samset med oppvekst på Høylandet, som har levert rapportane sine over fleire tiår til FN, meiner ikkje det. Dei er tvertimot heilt klare på at vi har ei klimakrise. Nordmenn i alle aldrar har i sommar vorte uroa over bilete fra t.d. flaum i Tyskland og brann i Tyrkia. Om det er nokon som først no skjønar alvoret og hastverket med å møte og løyse krisa, så blir realiteten ekstra krevjande å ta inn. Forskning viser at dette gir grunnlag for sinne og fortrengningsmekanismer.

Samstundes er MDG stadig like tydelig på at vi har det travelt. Vi meiner, saman med FN, IEA, økonomar som Victor D.Norman og energianalytikarar, at det beste for samfunnet, næringslivet og klimaet, er å slutte å leite etter meir olje. No er vi seint ute og omstillinga fra fossil til fornybar energi er krevende å argumentere for og å gjennomføre for ein nasjon og lokalsamfunn som er tungt inne i oljenæringa og økonomien fra den. Men gode argument har vi nok av som for eksempel at innovasjon og investeringer vil oppstå på nye områder, når ei ei stor næring vert mindre og eventuelt forsvinn.

Men grøn omstilling og politikk handlar om mykje meir enn omstilling fra oljenæringa. MDG sitt politiske arbeidsprogram inneheld ei heil rekke kreative, menneskevennlige og nytenkjande løysingar som kan bygge betre lokalsamfunn og eit mangfaldig næringsliv både i by og bygd.

Pandemikrisa viser korleis folk er villig til å samarbeide på tvers av sektorer, kommuner og nasjoner for å løyse utfordringane. Mennesker ynskjer å løyse oppgaver i fellesskap. Mennesker har skaperkraft og arbeidsvilje. Kjensla av felles skjebne kan vera ei positiv kraft i små og store fellesskap og for viljen til å dele på ressursar og samarbeide meir. Derfor vil MDG støtte sosiale miljøinnovasjoner som generasjonskollektiv, økolandsbyer, andelslandbruk og bildeleringer.

Ekstremvær vil vi få meir av. Dette krev at vi omstrukturerer, organiserer og prioriterer annleis på tekniske, strukturelle og sosiale område. MDG har jobba for dette lenge. Nokre eksempler: Sikring av rasutsette vegar, høg prioritering av landbruk, matjord, grøntnæring, energisparing og fornybar energi.

I arbeidslivet trengs det ein tillitsreform i offentlig sektor og fjerning av New Public Management og unødvendig byråkrati. På helse og sosialfeltet er det på høg tid med ein rusreform som hjelper meir og straffer mindre. Det er òg kritisk å styrke nasjonale og lokale planer mot sjølvmord og førebyggje meir for psykisk sjukdom.

Vi må forbruke og importere mindre «billigprodukt» som krev høge utslepp. I staden må det leggjast til rette for at norske bedrifter kan tene på å produsere og reparere forbruksvarer. Dette er eksempel på naudsynt omlegging for ei god framtid. MDG vil gjere det enkelt å leve miljøvennlig og få auka livskvalitet uansett inntektsnivå.

For å ta dei beste politiske vala må vi kjenne vår tid og våre utfordringer. Det er den beste medisinen både mot “klima-angst/frykt” og utenforskap. Vår tids utfordringer og unge generasjoner treng ei stor grøn og nytenkjande gruppe på Stortinget, veldig klar for å ta grøne grep! Tenk nytt, stem Grønt!

Marita Nergård Gustad

2. kandidat MDG Nord-Trøndelag