I Innherred 19. mai 2022 er det ei overskrift: «Levanger vil ha  fiskeoppdrett, Verdal vil ikke». Det er ei sak om at Levanger vil ha fiskeoppdrett i Trondheimsfjorden i eit område som ligg innanfor kommunegrensa. For det første trengs det her ei presisering av at det var fleirtalet i kommunestyret som vil åpna for oppdrettsfisk i indre del av Trondheimsfjorden, SV var imot. Kommunestyret i Verdal går imot og begrunnar det med faren for spreiing av lakselus, den økologiske tilstanden i verdalsvassdraget og arbeidet for å forbedra tilstanden for sjøørreten.

Det er merkeleg at fleirtalet i Levanger prioriterer kortsiktig økonomisk gevinst framfor langsiktig miljø i Trondheimsfjorden. Det er ikkje mindre merkeleg at dei ikkje er solidarisk med nabokommunen Verdal. Dersom kommunegrensa hadde vori nord for Verdalselva, ville da fleirtalet i Levanger gått imot oppdrettsfisk i indre del av Trondheimsfjorden?

Politikarane i Levanger som no ikkje klarer å sjå lenger enn til kortsiktige økonomiske interesser i eigen kommune, gjekk for ikkje lenge sidan inn for å slå kommunane saman. Kva ville dei ha meint om vi var i same kommune?

Så lenge kommunepolitikarane ikkje klare å sjå lenger enn til eigen kommune, er det bra at vi har statsforvaltaren. Skal vi nå fram med klima og miljøpolitikk, treng vi nokon som ser lenger enn til kommunegrensa.