I vinter publiserte NRK ein viktig artikkel bygd på kritisk, undersøkande journalistikk.

Det vart slått fast at det på berre fem år var gjort 44000 inngrep norsk natur. Natur forsvinn bit for bit, bit for bit. Artikkelen «Norge i rødt, kvitt og grått» var historien om «hvordan vi svikter den sårbare naturen vår, uten av vi merker det, uten at vi greier å stoppe».

Artikkelen vart følgt opp av ein programserie, der «oppsynsmannen» Bård Tufte Johansen drog på kryss og tvers av landet der naturinngrep vert gjort – og realitetane sneik seg inn: «Nesten uten av vi merker det forsvinner natur tilsvarende én fotballbane i timen i Norge. Hvordan kan det skje?»

Artikkelen og programserien gjorde inntrykk. Skapte debatt. Opna augo til folk. Har det gått for langt? Må vi stoppe opp og ta vare på verdifull, livsviktig natur før det er for seint?

Og erkjennelsen syntest å kome hos mange: Biten vi tar av naturen er nettopp HER, og ikkje alle andre stader!

Men DET synest ikkje vere tilfelle i Levanger.

I alle fall ikkje når det no blir lagt fram detaljplanar om å ta størsteparten av den igjenverande skogen på toppen av Kjønstadmarka, gjennom utbygging av bustadfeltet Kjønstadmarka 4. Ein fin, gamal skog som flittig blir brukt som rekreasjonsområde av folk på Nesset - av  barn, familiefolk og eldre, ein skog som i tillegg har uvanlege kvalitetar når det gjeld plantelivet, alt saman godt beskrive i høyringsutalelsar.

Men for  kommunen  synest visst  ikkje skogen verdt å ta vare på - heller ikkje etter at dei er blitt minna på av Statsforvaltaren kor viktig skogen er.

Statsforvaltaren tok i bruk såkalla INNSIGELSE, det sterkaste «våpenet» som statens representant i fylket har for å protestere mot vedtak ein kommune planlegg eller gjer.

Statsforvaltaren slår fast at: «Denne delen av Kjønnstadmarka har svært stor verdi for naturmangfold og friluftsliv». For delar av planen vart det difor fremja innsigelse fordi «planen ødelegger deler av et svært viktig friluftsområde og at planen bygger ned et område med en viktig landskapsøkologisk funksjon.

No står det i saksutgreiinga frå kommunedirektøren at Levanger kommune har hatt avklaringsmøte med statsforvaltaren, der det vart gjort ein felles forståelse av tilbakemeldingane, og at alle innsigelsar etter visse endringar er fråfalle.

Men uansett: At Levanger kommune i utgangspunktet steller seg slik at det kjem så sterke åtvaringar frå statleg hald om å byggje ned verdifull natur, synes eg er svært uheldig. Statforvaltaren byggjer nok på rikspolitiske føringar som heilt tydeleg ikkje har nådd fram til kommunenivå – der bitane av naturen blir tatt.

Også  folk flest protesterer. Det har kome klart til uttrykk både i høyringsuttalelsar, avisinnlegg og protestmarkering blant bebuarar i Kjønstadmarka i fjor haust.

Og no er det  interessant å merke seg: Ein av grunneigarane som i si tid selde området til kommunen står også fram i avisa Innherred og protesterer mot utbygginga av Kjønstadmarka 4 (Innherred 4.4.).

Terje Kjønstad seier til avisa at det den gongen området vart selt vart muntleg avtala at den skogkledde åsen skulle få stå i ro som friluftsområde, og at ingen bebyggelse i Kjønstadmarka skulle visast frå Gjemblefeltet.

«Kommunen stiller seg undrende til påstandene fra Kjønstad», står det i artikkelen.

Eg for min del stiller meg undrande til måten Terje Kjønstad som tidlegare grunneigar blir avfeia på. Eg har snakka med fleire av grunneigarane som selde til kommunen i 1999 – det var fire grunneigarar i alt – og dei har same versjonen som Terje Kjønstad.

Det blir til og med sagt at kommunen ved utbygginga i Kjønstadmarka ville gjere det godt igjen at det vart for lite friareal ved utbyggingane av Gjemblefeltet og Bambergfeltet. Difor skulle den skogkledde åsen i Kjønstadmarka, omtala som Nessets grønne lunge,  få stå i fred.

- Dette låg som ein klar forutsetning heile tida medan forhandlingane om sal pågjekk, fortel tidlegare grunneigar Svein Erik Granli til meg.

- Og det var vi som grunneigarar glade for, seier den tredje grunneigaren, Hågen Bjøraas.

- Ikkje minst var han glad for det han som eigde mest av utmarka på toppen, legg Granli til. Det var no avdøde Arnold Andresen som var største grunneigaren der.

Eg for min del har ingen grunn til å tvile på at grunneigarane si framstilling er  rett, sjølv om det ikkje vart nedfelt i skriftlege avtalar - slik kommunen synest å etterlyse i artikkelen i Innherred.

Det er klart at forhandlingane om sal og sjølve avtalen om sal frå grunneigarane til kommunens tomteselskap, A/S Levanger tomteselskap, gjekk for seg FØR den vedtatte kommunedelplanen som kommunen viser til.  Kommunedelplanen vart vedtatt i september 2000, medan forhandlingane om sal gjekk føre seg frå omkring 1998 og framover, med avtale på slutten av 1999.

Heller ikkje kommunedelplanen frå 2000 er klar på at den skogkledde åsen skulle bli tatt til bustader. I det grove kartgrunnlaget for det planlagte byggjefeltet i Kjønstadmarka frå den gongen er det teikna inn eit noko større samanhengande friluftsområde på toppen enn det som er planlagt i dag.

Det var først mange år etter at kommuneplanen vart vedtatt i 2000 at byggjefeltet i Kjønstadmarka vart inndelt i ei etappevis utbygging. Etappe 1 vart vedtatt i 2008, og etappe 2 i 2015. Først det året – 2015 altså -  vart det utarbeidd såkalla områdeplan også for Kjønstadmarka 3 og 4. Det er difor heilt rett, som Terje Kjønstad seier til avisa Innherred, at Kjønstadmarka 4 aldri var noko tema då dei som grunneigarar selde grunnen til kommunen!

Så altså: Det er heva over tvil at dei som selde til kommunen var opptatt av kva området skulle brukast til. Dei ville at den skogkledde toppen skulle få stå i fred, og følte dei fekk forsikringar om det. Det er ikkje nedfelt i skriftlege dokument, nei vel. Men det viktige er at  dei klart såg VERDIEN av skogsåsen, VERDIEN av at den fekk liggje i fred. Og grunneigarane har same synet framleis.

Det er eit kjempefint område som bør bevarast, er standpunktet.

 Som hos alle andre som no protesterer på ulikt vis.

Men kommunen ser altså ikkje ut til å verdsetje skogstoppen, andre omsyn er viktigare! Men kva omsyn?? Det KAN vere omsyn til økonomi – økonomisk inntening ved å selje tomter for bygging av bustader heilt til topps. Sjølv om økonomi ikkje er direkte nemnt i saksutgreiinga.

Noko forsøk på å setje  verdi på den igjenverande naturen, som eit motvekt, er ikkje å sjå – ingen formuleringar om at det kunne hatt ein eigenverdi å bevare skogen.

 «Det vil alltid være konsekvenser og fordeler og ulemper i utbygginger», heiter det rundt i kommunedirektøren si utgreiing.

Eit standardsvar som blir brukt omatt og omatt som tilsvar til kritiske høyringsuttalsarar er eit svar som eigentleg «snakkar ned»  verdien av skogsområdet på toppen:

«Det er eksempelvis verdt å bemerke at både trinn 1, trinn 2 og trinn 3 tok i bruk areal som tidligere var både dyrkbare og fulldyrkede landbruksareal. Om området hadde blitt startet utbygd i dag, hadde arealet med minst landsbruksverdi blitt bebygd først, altså trinn 4.»

Beklager kommunedirektør: Men premissane ser ikkje ut til å halde her. For ifølgje dei tidlegare grunneigarane var det så godt som ikkje dyrkjajord som gjekk med til trinn 1 og 2. Trinn 3 hadde litt dyrkajord, men den var av dårleg bonitet!

Og skal ein først gjere samanlikninga mellom kva som var mogleg for rundt 20-25  år sidan kontra i dag, så er det ikkje tvil om at det har blitt skjerpa merksemd  og oppvakning kring  natur som blir borte, bit for bit – og at kanskje den fine biten med natur nær deg er verdt å ta vare på!!!

Grunneigarane såg det alt den gongen.

Men  Levanger kommune synest ikkje å vere i takt med tida – om ikkje politikarane vil det annleis.

Mi oppfordring er: Tenk på at urørd natur  i nærområdet har stor eigenverdi ikkje minst for dei som veks opp i dag – og la  barn få sleppe å oppleve å misse skogen dei er blitt glad i.

Magnar Brandseth