I prosjektet «Trønder 1030» prøver Verdal historielag, i samarbeid med fleire andre, å sette søkelyset på tida før 1030: Kven var dei, dei som budde i Trøndelag på den tida, kor hadde dei komi frå, og korleis hadde dei det? Eitt av dei tema vi vil drøfte – på eit opent møte 14. mars - er korleis moderne genteknologi kan kaste nytt lys over historia. Genteknologi er i dag ein viktig metode i slektsforsking og historieforsking, og noko som alle med interesse for slekt eller historie bør kjenne til.

Og kva er meir naturleg for ein Gamal-Jostein anno 2023, enn å ta utgangspunkt i Gamal-Jostein anno 1030? For i Spelet om Heilag Olav er det særleg Gamal-Jostein som representerer gamaltida, der han sit og fortel historier til barnebarnet Gudrun. Han legg ut om dei gamle gudane, og vi høyrer om hovdingar og stormenn. Men Grima og gardsfolket som tappert prøver å berge graset i Sul, høyrer vi lite frå. Også på den tida var det flest «vanlege folk», arbeidsfolk av begge kjønn, bønder og trelar.

Ferske studiar viser at det i Skandinavia alt før vikingtida var innvandring både frå aust og vest, mens det under vikingtida var mest innvandring frå vest. Dette førte til at alle vikingane slett ikkje var blonde med blå auga, skriv Jostein Holmen.

Alt i 1030 hadde trønderane eit samfunn med lange tradisjonar og ei lang historie bak seg. Det som vi kallar vikingtida hadde vara minst eit par hundre år. Gamal-Jostein hadde aldri høyrt om gener og DNA. Men også på den tida var folk opptatt av familie og slekt, kanskje meir enn i dag. Det er difor grunn til å tru at han hadde kunnskap ikkje berre om dei gamle gudane, men også om si eiga slekt, og visste mykje om arv og tradisjonar. Han visste at folk som var i slekt likna på kvarandre.

Kanskje hadde han særleg respekt for alle dei eldgamle gravhaugane, der nokre av forfedrane låg. Mange av dei som låg der var truleg menn og kvinner som hadde hatt makt og rikdom, kanskje var det dei som hadde kontrollert utvinninga av jarn frå dei store myrområda i Trøndelag i «gammal tid», og kanskje var det på grunn av produksjonen og eksporten av jarnet det hadde vorte eit så rikt og godt organisert samfunn rundt Trondheimsfjorden. Det hadde vore handel med folk på kontinentet i mange hundre år før 1030. Både metodane for den storstilte jarnproduksjonen og andre tradisjonar kan ha gått i gløymeboka da Gamal-Jostein levde. Men interessa for slekta, gravhaugane og ærefrykta for forfedrane var der. Dersom han kjente slekta si så langt tilbake som til oldeforeldra sine, kunne han kanskje fortelje historier frå tidleg 800-tal, dvs. frå store delar av vikingtida. Da kjente han sikkert til at mange hadde reist ut til andre land, særleg vestover, og nokre kom tilbake, kanskje i lag med folk som hadde vorte med tilbake - frivillig eller med tvang. Kanskje tenkte han på at arv og slektskap kunne vere vanskeleg, og at dei som levde i Trøndelag i 1030 var ei blanding av mange folkeslag.

Moderne genteknologi kunne ha fortalt Gamal-Jostein meir om dette. Men molekylærgenetiske metodar er utvikla berre i løpet av dei siste 25 åra. DNA er eit av dei mest stabile molekyla vi har i kroppen, men også DNA kan endre seg slik at vi får mutasjonar - små endringar - i molekylet. Dette blir genmarkørar som vi kan følgje over tid og frå generasjon til generasjon. I gravfunn kan ein nokre gonger greie å isolere DNA frå skjelettrestar, det vi kan kalle arkeologisk DNA (aDNA, ancient DNA). Dersom ein er heldig og finn slikt aDNA, kan ein studere genetikken hos dei som var gravlagde, kanskje for mange hundre år sidan. Ved å samanlikne genmønsteret frå gravfunn (aDNA) med genmønsteret hos moderne menneske, kan ein få indikasjonar på korleis det har forandra seg gjennom tidene, bl.a. korleis folk har vandra frå stad til stad opp gjennom historia, og også korleis enkelte sjukdomsgener har vandra. Ferske studiar viser at det i Skandinavia alt før vikingtida var innvandring både frå aust og vest, mens det under vikingtida var mest innvandring frå vest. Dette førte til at alle vikingane slett ikkje var blonde med blå auga.

I dag kan vi sende inn vårt eige DNA og få det analysert hos kommersielle utanlandske selskap. Mange har på den måten fått vite mykje interessant, og mange har også vorte overraska over kven dei er i slekt med. Ved HUNT biobank er genene til nordtrønderane alt godt kartlagt, og det er publisert ei lang rekke vitskaplege artiklar om samanhengen mellom genetikk og helse. Men fordi HUNT har samla inn data til medisinsk forsking, kan ikkje desse data utan vidare brukast til slektsforsking på individnivå. Analyser på gruppenivå kan likevel vere interessante. Dersom vi kan samanlikne våre gener med genene i andre populasjonar, kan vi få enda meir informasjon om fortida vår. Før vi kjem dit, må vi skaffe finansiering og forskarar med kompetanse på slike analyser. Kanskje kan vi fortelje meir om dette ved jubileet i 2030?