Nyleg tilrådde Helsedirektoratet å merke alkoholhaldige produkt med ei åtvaring om at dei kan vere kreftframkallande. I følgje NRK som skreiv om dette 5. april i år, så har Helsedirektoratet arbeidd med saka sidan i fjor sommar. No har Helsedirektoratet levert tilrådingsbrevet sitt til Helse- og omsorgsdepartementet.

- Ei åtvaring på alkoholhaldige produkt kan vere eit viktig virkemiddel for å auke innbyggjarane sine kunnskapar om moglege helseskadar ved alkoholbruk. Helsedirektoratet har særleg kika på samanhengen mellom alkoholbruk og hjarte- og karsjukdommar. Dette med den auka kreftfaren som følgjer med det å drikke alkohol, er det ikkje alle som er klar over. Difor synest vi i IOGT Region Midt-Norge at Helsedirektoratet tenkjer framtidsretta, seier regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge.

«En stor andel av befolkningen har ikke kjennskap til sammenhengen mellom mer moderat alkoholbruk og kreft», skriv Helsedirektoratet. Linda Granlund, divisjonsdirektør for folkehelse og forebygging, uttalar til nrk.no at det har komme meir informasjon om denne sammenhengen den siste tida. «-Man vet nå at det ikke er noen nedre trygg grense, og at økt alkoholinntak øker risikoen for sykdom, og spesielt kreftrisikoen», uttalar Linda Granlund.”

Helsedirektoratet vil at eit eventuelt påbod om årvaringmerking vert teke inn i alkohollova.

Dette å merke ting med farevarsel, kan vere ein veg å gå for å få redusert den skadelege alkoholbruken, som FN seier noko om i berekraftsmåla sine. I mål nr 3 er det fokus på god helse. Folkehelseinsitututet (FHI) identifiserer alkoholbruk som ein av dei viktigasta risikofaktorane for tap av friske leveår og tidleg død her til lands. Alkoholrelaterte skader kjem i form av helseutfordringar, vald, ulykker og andre tredjespartsskadar. Alle tiltak som kan redusere helseutfordringane kring alkoholrelarterte skadar, ønsker vi velkomne, uttalar nestleiar Hjørdis Almelid Vikenes i IOGT Region Midt-Norge.

IOGT Region Midt-Norge