Den nye regjeringa legg i sitt reviderte budsjettframlegg opp til ei viss «premiering» av kommunar som lèt vere å leggje ned skular. Dessutan representerer framlegget ei generell styrking av kommuneøkonomien. Vil desse tiltaka kunne demme opp for den sterke sentraliseringa innan grunnskulesektoren som vi har sett gjennom dei siste 30 åra?

Lilletun-pengane. Éin gong tidlegare etter at kommunane i 1986 fekk det fulle økonomiske ansvaret for drift av grunnskulen, har det på statsbudsjettet kome ei ekstraløyving til kommunar «… der geografi og bosettingsmønster tilsier en desentralisert og kostbar skolestruktur». Det var då snakk om 50 mill. kr på 1999-budsjettet, noko som svarar til nærmare 80 mill. 2021-kroner. Dagens satsing på 500.000 kr per skule kan då på landsbasis utgjere ei 15-16-dobling av desse såkalla Lilletun-pengane som Bondevik I-regjeringa rulla ut. Då som no skulle pengane klassifiserast som «frie» midlar, den gongen kanaliserte gjennom fylkesmannens (statsforvaltarens) skjønsmidlar. Noko samla evaluering av denne pengebruken

ligg ikkje føre. Vi er likevel kjent med at kommunar som fekk tildelt slik støtte i 1999, same året vedtok nedlegging av grendeskular.

Nysatsinga utilstrekkeleg? Dette forsøket på å bremse skulenedleggingar galdt berre dette eine året 1999, og det økonomiske incitamentet var altså på nasjonal basis langt veikare enn det Støre-regjeringa legg opp til. Spørsmålet er likevel om det som no kjem, er nok til at økonomisk pressa kommunar finn å kunne halde oppe ein desentralisert skulestruktur. Ein halv million kroner som «straff» for å leggje ned ein skule representerer mindre enn éi lærarstilling. Sjølv ein liten skule med berre 20 elevar, ruvar med lønsbudsjett på to mill. kr eller meir. I tillegg kjem innsparingar ved skuledrifta elles. Meirkostnadene til skuleskyss vil oftast vere moderate for kommunane ved nedlegging av reine barneskular.

Tal på nedlagde skular i 140 grissgrendtkommunar etter femårsbolk 1990-2015.

Alt i alt vil straffegebyret på ein halv million kroner ikkje aleine halde administrasjon og politikarar i kommunane frå å leggje ned skular. Med trong økonomi og mange krevjande lovpålagde oppgåver for kommunane står skular lagleg til for hogg.

Framlegget til revidert budsjett representerer òg ei generell styrking av økonomien i distriktskommunane. Ei kartlegging av skulestatistikken i 140 norske grissgrendtkommunar for perioden 1990-2015 viste ei nær halvering av talet på nedlagde skular i desse kommunane i femårsbolken 2006-2010 samanlikna med dei to femårsbolkane før og den eine etter. (Sjå figur)

Tal på nedlagde skular i 140 grissgrendtkommunar etter femårsbolk 1990-2015.

Dette fall i tid saman med at den raud-grøne regjeringa som tok over i 2005 relativt sett gav eit visst løft til kommuneøkonomien. Så kanskje kan ei generell styrking av økonomien i tungdrivne kommunar med dårleg økonomi saman med denne særløyvinga faktisk redusere takten i den raseringa av bygdeskular som vi har sett sidan omlegginga av finansieringsordninga for grunnskulen midt på 1980-talet.

Dei små skulane - gode nok! No er det ikkje berre kommunal økonomi som trugar dei mindre skulane. Over dei siste tjue-tretti åra har igjen førestillingar om dårlegare vilkår for læring i slike skular vunne fram. Utfordringar for små skular som få jamaldringar, mindre konkurranse, liten sosial stimulans, mindre samla kompetanse i lærarkollegiet osb. blir halde fram. Dei mange fordelane for elevar og bygdesamfunn med å ha skule innan rimeleg avstand blir det dvelt mindre ved. Gjennom samarbeid på tvers av alder og kjøn får elevane i aldersblanda klassar både nokon å strekke seg etter og ta medansvar for. Elevane får her meir omfattande vaksenkontakt, og det ligg betre til rette for kontakt og samarbeidet mellom heim, lokalsamfunn og skule. Elevane blir spart for tidkrevjande skuleskyss som både tappar krefter, reduserer fri tid og er uheldig for generell velvære og fysisk utvikling. Det er mi klåre oppfatning at ulempene for elevane med lang skuleskyss blir sterkt undervurderte og alt for lite vektlagd. Ved mindre skular nært der elevane bur, ligg det òg betre til rette for bruk at nærmiljøet i læringsarbeidet, noko som mellom anna kan styrkje identitetsdanning og den «djuplæring» som dei nye læreplanane ber om. Så viser då òg relevant forsking at den skulefaglege læringa i små skular er like god som i store.

Kva med lærarutdanninga? Men skal dei små skulane på beste måte løyse sine viktige oppgåver for elevar og bygdesamfunn, så må òg lærarane ha haldningar og kompetanse som gjer dette mogleg. Her har dessverre endringar i lærarutdanninga for grunnskulen dei seinare åra gått i gal retning. Ved studiestart må lærarstudentane velje om dei vil kvalifisere seg for barnesteget (1-7) eller i hovudsak for ungdomssteget (5-10). Første gruppe får undervisningskompetanse i 3-4 fag, andre gruppe berre i 2-3 fag. Den testdrivne fokuseringa på tung fagleg kompetanse i nokre få fag har snevra inn fagkrinsen slik at allmennlæraren med kompetanse i dei fleste skulefaga er borte.  Dei estetiske faga er svekka. Med ein liten lærarstab blir det vanskeleg å dekkje heile fagbreidda med formelt kvalifiserte lærarar - eit godt argument for nedlegging! Om styresmaktene verkeleg ønskjer å halde oppe ein relativt desentralisert skulestruktur i distriktskommunane, må det gjerast noko med fagkonsentrasjonen og dei rigide krav til oppdeling og undervisningskompetanse i dagens lærarutdanning. Her vil den nye regjeringa sitt initiativ for ei gjenopning av lærarutdanninga på Nesna kunne nyttast til eit interessant utviklingsarbeid for ei lærarutdanning som kvalifiserer for arbeid også  i små skular der aldersblanda klassar er naturleg og nødvendig. At slike lærarar vil vere like godt kvalifiserte for arbeid i større skular, er det ingen som helst tvil om, ikkje minst sidan dei  nye læreplanane legg så stor vekt på tverrfagleg læring.