31. august , ein onsdag gjennom sentrum. Sol og god temperatur, men gata som eg gikk så fritt og avslappa i er atter ein gong fylt med bilar. Og lenger nede i Håkon den godes gate sit det ikkje lenger folk ute under tak med ein øl eller matbit i Levangers mest framgangsretta restaurant, San Sebastian. Bilane står på rad og har vunne kampen. For meg som har trådd gatene sidan starten av 80- talet, og den gong flytta til ein vakker levande by, er det uforståeleg at denne vakre byen framleis får politisk fleirtal for at bilen skal få ha den beste tomta i byen, mesteparten av året.

Eg får vondt i magen av denne kampen om bilen akkurat i denne gata. Håkon den godes gate burde hatt gågate heile året. Om ikkje lenge har vi Førjulsmartna og Marsimartna. Fint med Torgaksen, som gir rom for ein sitteplass og kjensle av avslapping, men vi må få folk til å forstå at byen også er for gåande i andre gateløp, og ikkje helst for dei som vil køyre heilt til «gryta»

Den 31. august tok eg desse bileta. Nokre gåande på biletet ser ut til at dei enno ikkje er klar over at gata no er til for bilar. Gågateskilta var fjerna og ein del bilar var nok «happy» for endeleg å få køyre heilt fram.

Astrid Julie Saure