Planane om boligbygging på Geitingsvolllen i Levanger møter motstand frå fleire kantar. Framtredande lokalpolitikarar i Levanger frå fleire parti reagerer med at ettersom dette er eit område departementet tidlegare har godkjent trass innsigelsa frå fylkesmannen,er dette ikkje greit. Dei vil ikkje vita av nokon omkamp om vern av matjord.

Men har dei ikkje fått med seg at Stortinget har vedtatt ein ny jordvernpolitikk? Bakgrunnen er at jordbruksarealet i Norge etter 2. verdenskrig i stor grad er omdisponert med i gjennomsnitt 19 000 dekar om året (Kilde: Regjeringen 20.12.2023).

Den første omkampen om denne utviklinga kom med det nasjonale jordvernmålet i 2004 om å redusera omdisponeringa til 6000 dekar i året. I 2015 var det ein ny «omkamp». Stortinget vedtok eit mål om at omdisponeringa skulle vera under 4000 dekar pr år.

I juni 2023 var det nok ein «omkamp», den nye strategien var eit mål om at årleg omdisponering ikkje skal vera meir  enn 2000 dekar i året innan 2030. På Stortinget har både Arbeiderpartiet og Senterpartiet støtta desse «omkampane». Argumentet om at det i saka  om Geitingsvollen ikkje er omdisponering fordi det er ein plan frå år 2000, blir i denne samanhengen formalistisk. Realiteten er at det er snakk om nedbygging av god matjord. Blårusspolitikken med at det er billegare å importera mat enn å dyrka den i Norge, står for fall i ein verden der mange svelt og i ein usikker matsituasjon. Det er ikkje nok at Stortinget vedtar jordvern, no må kommunestyret gjera det same. Jostein Trøite, SV