I Inndalsallmenningen er eit skogstykke som frå gammelt av skulle vera freda for hogst. Aust for for bureisingsbruket Sneringen står enno ranke graner. Lia ned mot Inna vart kalla Hagen, «Håggån». Få veit i dag grunnen til at lia i si tid var freda. Framsynte menn hadde bestemt at  desse granene skulle  gias til ein gard som hadde vori ramma av ein brann. Fin skog som var lett å avvirke.  Og bygdefolket hadde ansvar for å bistå. Ordet «Dugnad» er frå den tida, og vart reindyrka på Island, der alt tømmer måtte  bringas med frå det opprinnelege landet. Alle måtte derfor ha nokre stokkar lagra, slik at dei kunne bistå den som hadde fått garden nedbrent.

Dugnadsånda har alltid vori sterk i norske bygder. I Inna-dalføret starta ein større dugnad  i 1921. Da sette ungdomlaget igang eit toårig prosjekt for å skaffe bygda eit forsamlingshus. Gruveselskapet Malså gruver hadde gitt opp drifta, og bygningane i fjellet vart bydd fram til bygdefolket, mot henting. Inndalingar med hest og tilgang til firehjulsvogn stilte frivillig opp på den transporten. Den eine matbrakka vart no flytta til inndalen for å få nytt «liv» som grendehus .Heile dugnaden tok to år. Da sto ungdomshuset «Lidarheim» klart til å ta imot bygdefolket på ein felles fest.

 Huset var i allsidig  bruk til alle slags kulturformål eit halvt hundreår, og brakte ei ny til til grendesamfunnet.

Lidarheim var eit hus for alle. Men etterkvart vart det klart at bygda trong nytt hus. Nye krav til kjøkken og dusjanlegg pressa på, og planer om nytt hus tok form.

Oddvar Olsen  tegna eit nytt forsamlingshus, som skulle få plass ved den nye idrettsplassen, nedom den nybygde skolen i Garnesmarka. Og alle gardbrukarane som hadde skog sa seg villige til å bidra med eit visst antall med graner, levert på Mold-saga. Bøndene arbeidde i skogane, og slo seg saman om driftene. Alle hadde det utstyret som trongs,  og driftene gikk greitt. Like greitt gikk det å kjøre ferdigsaga materialar frå saga til lagring i låven på gammelskolen. Imidlertid vart bygningane på gammelskolen seld til private, og materialane måtte flyttas til det gamle sommarfjøset på Garnes.

Da det etterkvart var klart for bygging av  nyhuset, som den kommunale leiinga på banen, og blanda seg borti planene.

-         Legg bort planane om nytt hus nede ved idrettsplassen. Bygg heller huset i tilknytning til skolen, og tilpass det som gymsal . Da vil kommunen garantere for lånet på huset, mot å få bruke det til kroppsøvingsformål.

-         Det hadde styret i bygdelaget ikkje råd til å seie frå seg.

Og slik vart det. Og bygdefolket hold fram med å yte dugnadsarbeid med å få opp nytt hus, med kjøkken og andre aktuelle rom. Gjennom heile vinteren arbeidde både kvinner og menn gratis med snekkar- og murarbeid, og ulike handverk elles. Visborg Auto ga og ein løftebukk, for heving og senking  av den nye scenen.

Det nye huset fungerte tilfredsstillande for bygdefolket, og skolen var limet som samla menneska i bygda. I glede i alle slags festdagar samla unge og gamle seg i det nye kulturbygget.

Alle gledde seg over det nye huset,og bygda fekk rask nye innbyggarar, og mellom femti  og seksti hus kom opp i det nye bustadfeltet ved skolen. At det var ein nybygd skole der, fekk unge familiar til å  busette seg i den solvendte lia.

Så slo bomba ned: - Det er for få ungar på skolen, og kvar elev kostar meir enn ved Øra var argumentet. Få ville godta det reknestykket , i og bygda kom i kok. Eit makteslaust kok, som førde til at det kulturelle sentret  i bygda vart vedtatt nedlagt. Samfunnsrekneskapet  krevde det. Men dei med makt tok aldri omsyn til at med det same klubbeslaget fall, var verdien av alle husa redusert, kanskje til det halve. Om det hadde vori med i samfunnsrekneskapet, hadde kanskje oversikten vist eit anna resultat

Vedtaket fekk mange ringverknader. Det mest tydelege er at eit parti, som hadde gått til valg med at ingen skolar skulle leggas ned på dette partiet si vakt, svikta den lovnaden. Bygdefolkets parti. Så snart vedtaket vart kjent, kom dei første utmeldingane, og partiet vart eit miniparti. Som hadde begått politisk harakiri. Eit japansk  ord frå krigen, som betyr sjøldrap.

Kanskje er det folk frå det partiet som etterkvart kjem til å innsjå kva dette ordet inneber.

Men da er det for seint.