Valkampen er i gang. I september er det kommuneval og fylkesval. Mange av kandidatane til dei nye kommunestyra står ofte på stand og fortel kva saker dei brenn for.

Kommunestyra har mange oppgåver. Mellom anna har dei ansvar for alkoholpolitikken i kommunane. Det er no tid for å spørre politikarane kva syn dei har på lokal alkoholpolitikk. Alkohollova pålegg kommunane å utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan (jf. § 1-7 d). Ein god alkoholpolitisk handlingsplan kan bidra til at kommunen når folkehelsemåla sine.

Folkehelselova gjev kommunane ansvar for å fremje folkehelsa, førebyggje sjukdom og utjamne sosiale helseskilnader. Eit av dei mest effektive og økonomisk lønsame verkemidla kommunane har for å fremje folkehelsa, er alkoholpolitikken. Kommunane avgjer kven som skal få selje og skjenke alkohol, når det skal skje og kva krav som skal settast for å få løyve. Dessutan er det kommunane som skal kontrollere at alkohollova vert følgt.

Mange stadar er det lett for mindreårige å få servert alkohol, viser ei undersøking som organisasjonen Actis fekk gjennomført via Sentio i 2017. Betre kontrollar av butikkar og skjenkestadar og reduserte skjenketider er effektive verkemiddel for å redusere utelivsvald og ungdomsfyll.

Meir enn halvparten av alkoholskadane råkar andre enn brukaren sjølv. Det kan vere vald, trafikkulykker, fosterskader, truslar, sjikane, ordensuro og fysiske og psykiske skadar på pårørande og andre. Ein god alkoholpolitikk må ha som mål å redusere forbruket og redusere rusrelaterte skadar på andre.

Det er og viktig at det er alkoholfrie arenaer både for barn og vaksne. Dette er eit kommunalt ansvar. Mange stadar har fleire ulike aktørar, som bibliotek, kino, campingplassar og idrettsarrangement fått skjenkeløyve. Dette er ei uheldig utvikling. Det er viktig at barn og unge skal kunne delta på kultur- og idrettsarrangement utan at det er alkohol der. Alle kommunale arrangement bør vere alkoholfrie.

For IOGT Region Midt-Norge

Leiar Per-Arne Lillebø og skrivar John  Almendingen