Det er ikkje lett å forstå for alle at det går ei grense på Skatval når det gjeld billettprisar på jernbanen.

Skatval er ein fin plass, men korkje verdas midtpunkt eller endepunkt. Men gjennom byvekstavtalen for Trondheimsregionen er det endepunkt for ein fornuftig pris på kollektivtrafikk.

Levanger SV lova i valgkampen å ta dette opp i kommunestyret, og det har vi alt gjort.

 I det siste møtet for det avgåande kommunestyret 11.oktober,  var forslag til vidare samarbeid mellom Innherredsbyene til behandling. Grønne reiser og kollektivtrafikk er sentrale tema i dette, men i saksframlegget går det fram at SJ Nord som drifter toga på Trønderbanen, ikkje er med som samarbeidspart.

 Eit tilleggsforslag frå SV om at SJ Nord og dermed togtrafikken må med i vurderingane for å få billettakstane på kollektivtrafikk på linje med prisane  i byvekstavtalen for Trondheimsregionen, vart vedtatt i kommunestyret.  No må regionrådet for Innherredsbyene følgja opp dette. Dei må og følgja opp og og søka midlar frå den statlege støtteordninga for mellomstore kommunar. Dersom det blir krav om ein miljøpakkke for å få reduserte prisar, ja så får vi laga ein miljøpakke!