Vi ser i avisa at kommunen vil flytte hjemmetjenesten i Vuku til Verdalsøra, for så å legge ned Vuku eldresenter.

Vi trur knapt det vi leser! Nattesøvnen vart brått borte, og vi har problem med å konsentrere oss. Magen er ikkje i orden lenger, for vi gruer oss.

Ansatte i hjemmetjenesten i Vuku har eit langt og grundig innlegg i avisa den 7. desember. Og dei har rett i kvart bidige ord dei skriv!

For oss som bur heime oppi dalen er hjemmetjenesten i Vuku alfa og omega for at vi kan bu heime. Vi har brukt dei i meir enn 2 år no. Dei kjenner oss, og veit kva vi strever med. Dei har råd for det meste når dei kjem, anten dei må rykke ut dag, morgon eller kveld. Alltid blir det ei råd når vi ringer.

Dei kjem som eit friskt pust, alltid innstilt på å løyse problema som vi har. Og dei ser oss begge, også meg som er på vakt døgnet rundt, og spør korleis det går med meg, og om dei kan hjelpe meg med noko.

Du seier: Dette gjeld på Øra for hjemmehjelpa der og. Ja, men dei er på Øra! Ikkje nært oss her i Vuku! Skal det brukast dyrebar arbeidstid for å kjøre bil frå Øra og hit?

I hjemmetjenesten her har dei funne ein måte å fordele vaktene på, slik at dei skifter millom å reise heim til oss brukarar og å vere på vakt på eldresenteret. Det er bra for alle parter, mindre slitasje dei ansette, og mindre sjukefråvær, og gode besøk heime hos oss som er brukarar. Det er til å ta lærdom av!

Det er noko som alle veit, at vi menneske trivst best i mindre grupper. Vuku eldresenter er ei slik gruppe. Eg har som leseombud gått der i meir enn 5 år, og veit at der er det trygt og godt å vere. Skal ikkje brukarane få vere i ro der lenger?

Eg kom til Vuku i 1968. Den gongen sysla svigermora mi i lag med andre damer i bygda, med tanken om at det skulle vore ein aldersinstiusjon for øvre Verdal her. Få år etterpå sto huset der. Det er i bruk enda, og vart den første delen av det som i dag er eldresenteret i Vuku.

Vi vil ha nattesøvnen tilbake! Vi vil ikkje ha ondt i magen lenger. Vi vil ha tryggheit for framtida. VI VIL AT KOMMUNESTYRET FORSTÅR OSS ,OG STEMMER NEI TIL FORSLAGET SOM ER LAGT FRAM.

Ivar og Turid Holmen