No i mars lanserte organisasjonane Av-og-til, Blå Kors og Actis rapporten «Samfunnskostnader ved alkoholbruk». Rapporten er laga av Oslo Economics. Han viser at den samla samfunnskostnaden frå alkoholkonsumet er mellom 80 og 100 milliardar kroner.

Spørsmålet er då om vi alle er med på å betalar for kvarandre sitt alkoholbruk. Rapporten viser at kostnadene har ei slik fordeling:

  • mellom 68 og 77 milliardar i tapt helse og livskvalitet.

  • mellom 9,2 milliardar og 17,2 milliardar av desse kan tilskrivast pårørande åleine.

  • mellom 10 og 13 milliardar i sjukefraver og redusert produktivitet.

  • mellom 1,4 og 7 milliardar i kostnader for helse- og omsorgstenesta.

  • mellom 1,5 og 4 milliardar i ressursbruk i andre sektorar.

Undersøkinga som Oslo Economics har gjort viser at det norske samfunnet kan få fleire fordelar ved å redusere konsumet av alkohol - som betre folkehelse, færre alkoholrelaterte skadar, færre dødsfall og betre livskvalitet for pårørande. Det vil også gje stor økonomisk gevinst for samfunnet. Difor vil IOGT arbeide vidare for å få meir fokus på dette med haldningsskapande arbeid når det gjeld ruspolitikk, seier

Om alkoholkonsumet skulle auke, for eksempel til nivået med konsumet i Finland, vil kostnadene auke til ein stad mellom 120 og 150 milliardar årleg.

I Nasjonal alkoholstrategi (2021-2025) som vart lansert våren 2021, vert det vist til eit globalt mål om reduksjon i skadelig alkoholbruk:

«Verdens helseorganisasjon (WHO) har gjennom handlingsplan for forebygging og begrensning av ikke-smittsomme sykdommer (noncommunicable diseases, NCD) vedtatt et globalt mål om reduksjon i skadelig bruk av alkohol med minst 10 prosent innen 2025 sammenliknet med 2010. Norge har forpliktet seg til å følge opp dette målet.» (www.helsedirektoratet.no)

I rapporten til Oslo Economics vert det nemnt fleire moglege årsaker til auka bruk, der alkoholpolitikken er ein av fleire. Det er difor viktig at dei ruspolitiske organisasjonane framover arbeider med dette å påverke korleis kommunane formar dei alkoholpolitiske handlingsplanane sine.

Kjelder:

Per-Arne Lillebø

regionleiar i IOGT Region Midt-Norge