Dei fleste har sunge i det minste eitt vers av Å eg veit meg eit land, No livnar det i lundar, eller Gud signe vårt dyre fedreland. Mange veit òg at det er teologen og språkmannen Elias Blix som har skrive desse tekstane.

Færre er det truleg som kjenner til at det er skrive ein biografi om Blix - den kom ut på Det norske samlaget i 1953, og kosta kr. 10,50.

Eg vil tru at nesten ingen veit at utgjevinga var gjort mogleg med bidrag frå mellom andre Kaffistova i Levanger, materialisert i den staselege, men no rivne, bygningen oppførd av byggmeister Johnsen Aarvik, der bondemennene Grøneng, Eggen og Holberg likte å drøfte dei mest ofselege samfunnsspørsmål over ein kopp kaffi på 1950-60-talet.

Reidar Bolling (1902-76). Foto: setesdalwiki.no

Det var Reidar Bolling (bror til skodespelaren Jens) som skreiv denne Blix-biografien medan han var prest i Skogn (1946-1971). Han hadde òg nokre undervisningstimar i kristendom ved Levanger gymnas. Vi som gjekk ut i 1963 hugsar han som vikar - med ein tendens til å ta seg ein ørliten lur i timen, når det fall seg slik.

Elias Blix var mellom anna kyrkjestatsråd under Johan Sverdrup, språkvitskapsmann (arabisk, hebraisk, arameisk, assyrisk og akkadisk, fønikisk og kaldeisk) og bibelomsetjar. Omsetjinga av bibeltekstar frå det nye såvel som det gamle testamentet tok han til med etter at vitugt drøs med Ivar Aasen og Aasmund Olavsson Vinje hadde gjort han til ihuga landsmålsmann. «Du tek Bibelen, so skal eg rå med Homer,» sa Vinje til Blix.

Salmedikter Elias Blix. Dato og fotograf ukjent Foto: NTB arkiv

Og han skreiv salmar på «målet», samla i heftet «Nokre salmar», som kom i 1869.

Her kjem det forvitnelege, som får Levanger til å skine som sola den bjarte att: Den første presten som våga ta i bruk desse nynorsksalmane, var sokneprest Wexelsen i Overhalla. Sokneprest Wexelsen i Overhalla fekk ein son. Denne sonen vart etter kvart skodespelar og forfattar, og tok (kunstnar-)namnet Per Kvist.

Det bar ikkje verre til enn at sjølvaste Per Kvist vart hyra som instruktør for jubileumsrevyen i Levanger i 1936, hundre år etter at staden ved Sundet fekk bystatus.

Men det stoggar ikkje der med Levanger.

Då Blix hadde kome til Salme 44 i Det gamle testamentet, fekk han ferdabod (eit godt ord for å døy!).  Blant dei to som laut ta over, var presten Peter Hognestad. Det var mannen som palmesundag 1901 heldt den første høgmessepreika på nynorsk i Kristiania. Og som dessutan var far til Arne Hognestad, distriktlækjaren i Levanger frå 1949 til 1959.

Og fordundre meg lever ikkje sonen, Peter Hognestad, oppkalla etter den

I Levanger.

Lasse H. Takle