Radioen er død – lenge leve radioen

«Mange av oss var ulydige, eller orka ikkje kjøpe DAB-radioar her og der»

Lommedatamaskinen og podkasten har tatt over for Sølvsuper 10 og tradisjonelle radio. Ei utvikling Ove Taranger Nesbø applauderar.  Foto: Ove T. Nesbø

Ove Taranger Nesbø 

Spaltister

Denne teksten handlar om endring, i medieverda og kvardagen vår. Nærare bestemt radiokvardagen.

Eg likar å høyre på radio, eg har i grunnen alltid likt å høyre på radio. Det er noko med at ein kan gjere fleire ting samstundes, og velje om ein verkeleg skal høyre på det som kjem ut av radioen, eller la tankane flyte og la radioen liggje der i bakgrunnen og fylle ut tomromma. Radio er ein flott sak.

I barndomsheimen min hadde vi ein god og vakker radio, ein Tandberg Sølvsuper 10. Den brukte eg mykje. Sølvsuperen hadde god lyd, og spreidde radiostemmene og musikken ut i rommet gjennom to gode Tandberg-høgttalarar med stor fylde og detaljrikdom. Då eg vart tenåring, fekk eg bruke radioen som stereoanlegg på guterommet mitt, der eg hadde tilkopla ein Gerrard platespelar og ein Philips kassettspelar. Slett ikkje verst lyd.

Tandberg-radioen har eg enno, den tok eg med meg til Trøndelag. Dessutan har eg supplert med to-tre andre Tandberg-radioar, der Huldraen har heidersplassen. Då Tivoli-radioen kom på marknaden tidleg etter årtusenskiftet, vart det kjøpt inn skikkelege radioapparat i huset og på hytta.

Slik eg hugsar det, hadde eg følgjande radiolyttevanar: I kvardagen var det NRK lokalradio ved frukosten og i bilen til arbeidet, og det same på veg heim og første timen heime. I helga var det gjerne sendingane laurdag morgon og føremiddag som var viktigast: Dagsnytt, Nitimen, Popquiz og Ukeslutt. I feriane og på hytta var det sjølvsagt Reiseradioen, men også musikkprogramma på fredagskveldane var viktige. Og sjølvsagt nattradioen i feriar og helger. Dei siste åra var P2 viktig for meg, og eg kunne nyte smale, kunnskapsrike og saktegåande radiodialogar, nesten utan forstyrrande pausemusikk.

Du legg merke til at eg no skriv i fortid. Det er nemleg ikkje slik lenger. Eg høyrer nesten ikkje på radio lenger. Ikkje slik eg gjorde før, på såkalla lineærradio. Den hende noko. «For tida er i endring», skreiv og song Dylan i 1964. Det er over 50 år sidan, men det stemmer i dag også.

Kva hende? Kort oppsummert: iPod og DAB. Kven skulle tru at Pod og DAB skulle endra livet mitt? Igjen opplever eg at ny teknologi snur opp ned på livet mitt, radiokvardagen min denne gongen.

Podkasten kom snikande inn på oss for om lag 10 år sidan. Er du ukjend med konseptet podkast, eller på originalspråket podcast? Podkast er ei samanrasking av orda Pod, frå den digitale musikkspelaren iPod og kast som i kringkasting. Enkelt sagt er ein podkast eit radioprogram som kan lastast med på ei datamaskin, slik som ein smarttelefon og eit nettbrett, og spelast av når og kor du vil. Det er gjerne lange, smale radioprogram utan musikk som er mest populære podkast-program.

Så kom DAB-teknologien, den digitale radioen. Det var ikkje så dramatisk i seg sjølv, dei fleste av oss merka det ikkje. Men så fekk styresmaktene og dei største kringkastarane for seg at dei skulle slutte med FM-sendingar og berre sende med DAB-teknologi. Det var mange gode grunnar til dette, men det fekk større konsekvensar for radiokvardagen vår enn det ein trudde.

Mange av oss var ulydige, eller orka ikkje kjøpe DAB-radioar her og der. Vi har då flust med radiodatamaskiner som vi kan høyre på, smarttelefon og nettbrett. Kvifor bruke pengar på nye radioar når vi kan høyre radio der vi vil og når vi vil? Dessutan er det enkelt å kople på radiospelarane til dei gode, gamle og vakre FM-radioane våre.

«Du må lære deg å symje, elles sekk du som ein stein. For tida er i endring», song Dylan i 1964 på FM-radio. I dag har Dylan sjølvsagt eige podkast-program.

Slik var det at eg som mange andre droppa den gamle måten og høyre på radio, og vart min eigen kringkastingssjef. No lastar eg ned mine favorittprogram på telefonen, eller rettare sagt lommedatamaskina mi, og høyrer på dei der eg vil når eg vil. Det er fantastisk å vere sin eigen kringskastingssjef.

Hos oss går det stort sett i NRK-program, som enten er kopiar av nylege eller tidlegare radioprogram, eller originale podkast-program produsert av NRK eller deira underleverandørar. Det er makelaust kva NRK greier å lage, eg betalar NRK-lisensen med glede. Ingen reklame og stort sett godt journalistarbeid. Lat med dele mine favorittar, og orsak meg om eg skriv som ein nyfrelst miljøaktivist.

Denne våren har eg høyrd mykje på podkastar som Salongen, Sånn er du, To hvite menn, Dei 15 mest vestlandske vestlendingar, Kjente bøker på 4 minutter og Janna og Jostein show.

I Salongen (NRK) er det godt å vere. I Salongen vert du kjend med ein gjest, ofte ein kulturarbeider av eit slag. I siste programmet eg høyrde var gjesten «Musiker og rutinemenneske Ivar RAVI Johansen», som det stod på vaskesetelen. Programmet varer om lag 57 minuttar, slik det vart send på NRK, men vi som høyrer programmet på podkast får 10-15 minuttar oppvarming og tilsvarande etterspel som bonus. I Salongen er det ikkje rom for tomprat og populærmusikk, her tenkjer dei lange tankar når dei snakkar om livet, kjærleiken og døden. Eg synst det er godt å få følgje ein dialog mellom ekte menneske.

Programmet Sånn er du, av Harald Eia og Nils Brenna, tek utgangspunkt i at gjesten har tatt ein grundig personlegdomstest. Gjesten og programleiarane har då ein dialog omkring testresultata. Wow, spanande. Det kjennes som eg vert godt kjend med gjesten og faktisk litt betre kjend med meg sjølv og mine næraste. Vart du interessert no, kan eg tilrå å starte med programmet der Fabian Stang var gjest. For ein mann!

«To hvite menn» er eit heilt anna konsept, som handlar om French og Moland. Gjennom fleire program prøver journalistane å forstå kva som hende i Kongo, og kvifor. Eg må innrømme at eg ikkje prøvde å setje meg inn i saka då det hende. Det var for mykje styr, og eg mislikte det eg høyrde om desse to eventyrarane. Den ein av dei er dessutan halvt stril, og eg mislikar å høyre om strilar som rotar seg vekk i Kongo, Bergen og andre junglar. No, etter fleire timar med god radio, synst eg at eg ser nokre samanhengar og skjønar litt kva som hende og kvifor det gjekk slik. Det kjennes som eg er litt klokare på saka, og det gjer eg sjeldan ved konsum av vanlege medieartiklar om slike saker.

«Kjente bøker på 4 minutter» er berre tull og fjas, men tull og fjas om litteratur. Podkasten er utklipp frå radioprogrammet Utakt, der dei har ei fast spalte der «forfattar, litteraturvitar, tidlegare hjelpetrenar i friidrett og medlem av FAU Janne Stigen Drangsholt» på få minuttar fortel oss om ei bok vi burde ha lese, eller ikkje treng lese fordi ho er alt for tung og oppskrytt. Janne har gitt meg ro i sjela, eg treng ikkje lese Ulysses av James Joyce, eg har fått samandraget og det får vere nok. Janne har ei god radiostemme, og eg kjenner at eg er litt forelska i den stemma. Dessutan kan eg no late som eg har lese Ulysses, om det passar seg slik i ein snobbekulturell samanheng.

Radioen er død, lenge leve radioen.

Eg høyrer nesten ikkje radio, slik eg gjorde før då den vart kringkasta. Men eg har knapt høyrt så mykje radio som eg gjer no for tida. Eg høyrer nemleg dei radioprogramma eg vil, når eg vil. Prateradio. Så høyrer eg på den musikken eg vil, når eg vil. Eg let ikkje radiofolka lenger bestemme kva musikk eg skal høyre.

Saknar eg Magnhild Øwre si gode stemme? Ja, eg gjer det. Så i blant eg tek ein tur innom NRK Trøndelag, via nettbrettet eller lommedatamaskina mi.

Ønskjer du meir kunnskap om den nye mediekvardagen, kan eg tilrå NRK-podkasten Kurér, oppkalla etter det legendariske radioapparatet. Programmet er ikkje produsert av NRK, men av underleverandøren Munck Studios, der verdalingen og levangsbyggen Kristin Nordvoll Mork er reporter. Men pass på, du står i fare for å bli litt klokare av å lytte på slike podkastar.

Ove Taranger Nesbø

Lærar, strategirådgjevar og
nyfrelst podkastlyttar