Og kva som er fellesnemnaren mellom Messi, Eisenhower og Okkenhaug? Denne teksten handlar om improvisasjon, inspirert av Messi & co i fotball-VM, Okkenhaugkonserten i juni og eit kjend Eisenhower-sitat.

Først Paul Okkenhaug (1908-1975), som i dag er mest kjend som spelkomponisten, men i si samtid også kjend for sine improvisasjonar i gudstenestene i Levanger kyrkje. Det vert hevda at musikkinteresserte gjekk til gudsteneste for å lytte til Okkenhaugimprovisasjonar.

Onsdag 13. juni var eg på konsert i Levanger kirke, der kantor Erling Neergård heidra gamalkantoren Paul Okkenhaug med attforteljing av Okkenhaug sine dokumenterte improvisasjonar og eigne improvisasjonar over kjende og mindre kjende Okkenhaug-komposisjonar. For oss som var der, fekk vi ei kjensle av å oppleve Okkenhaug på orgelkrakken. Det var ei strålande oppleving, der kjende Okkehaugklangar vart formidla i Neergård sine tolkingar og improvisasjonar.

Til deg som lurar på samanhengen mellom kyrkjemusikk og improvisasjon, kan eg fortelje at kantorar i alle tider har hatt opplæring i improvisasjon. Organistane har improvisert musikk, lenge før jazzen vart oppfunnen.

Kva er eigentleg improvisasjon? I Store Norske Leksikon definerer dei det slik: «Improvisasjon: spontan framføring, utan hjelp av manuskript, memorering eller ein førehandsdefinert plan eller kode. Ordet er særleg brukt om tale, dikt, song, musikk eller liknande».

Som gamal fotballspelar tenkjer eg at ordet like gjerne høyrer heime i fotballvokabularet. Som rutinert arbeidskar kjennes det som om eg improviserer store delar av arbeidsdagen. Som lektor på leiarutdanninga ved universitetet, veit eg at det er ein sterk kopling mellom plan og improvisasjon. Her kjem Eisenhower inn, men i dag vil eg først løfte fram fotballspelaren Messi.

Lionel Messi (1987-) er ein improvisasjonsmeister, kanskje på høgde med Paul Okkehaug, eller Miles Davis. Kanskje Messi er eit geni innan improvisasjon? Når det er sagt er Messi meir genial som Barcelonaspelar enn landslagsspelar for Argentina, det synte seg tydeleg i verdsmeistarskapen. Kvifor? Fordi improvisasjon i eit lagspel er mykje meir vanskeleg enn i ein soloidrett. For å vera ein genial fotballspelar som Messi, må du kunne improvisere i samhandling med lagkameratane. Det er avanserte saker.

Toppfotballen vi ser på fjernsynet er ekstremimprovisasjon. I botn ligg eit innøvd spelemønster, basert på ein kampplan. Så langt er det greitt. Utan motstandar ut på der, ville ein fotballkamp likna på ein Okkenhaugimprovisasjon, ein jazzkonsert eller skuggeboksing. Kompleksiteten aukar mange gongar når det står 11 motstandarar der, og vil øydeleggje komposisjonen din. Dessutan er det krevjande å tenkje klart, gjere gode val og utøve god teknikk etter 10 kilometer spurt og stopp. Tenk på det der du sit i godstolen og kritiserer overbetalte unggutar som ikkje får ballen i mål.

«Plans are nothing, planning is everything», sa ein gong general Eisenhower. Planar er verdilause, men planlegging uvurderleg, i mi omsetjing. Her kjem poenget mitt. Improvisasjon utan plan og mønster er løkkefotball. Improvisasjon over plan og mønster er Rosenborg 1998 og Barcelona 2018.

Barcelonaspelaren Messi er eit geni, der han i samhandling med kameratane improviserer over eit mønster, medan dyktige motspelarar gjer alt dei kan for å øydeleggje. Hittil har han ikkje klart det same i den kvite og lyseblåe landslagsdrakta? Etter mitt syn er han likevel verdas beste fotballspelar, som spelar så avanserte komposisjonar at det nesten er umogeleg å få til på landslaget.

«Du skjønner, Ove: samfunnet har for stor tro på planer og strukturer. Det er improvisasjonsevne som kreves i arbeidslivet og livet ellers, og det ingen opptatt av. Hør på jazz, Ove, lær av jazzmusikeren.» Dette var rådet filosofen Sigmund Kvaløy Setreng gav meg ein gong tidleg på 90-talet, og dette rådet tok eg til meg. Jazzmusikk er ein god metafor for å lære livskunsten, i arbeidslivet og privatlivet. «A plan is nothing, planning is everything», sa Eisehower. Sigmund var småbrukar, økofilosof og musikkteoretikar. Dwight var møllarson, general og president.

Til dagleg er eg lektor på universitetet, der eg underviser i fagemner som strategi og prosjektledelse. Som praktiserande lærar er eg smartare enn eg var som praktiserande fotballspelar. Eg førebur meg godt til undervisning, har laga presentasjonar med klar raud tråd, ein disposisjon for pensumgjennomgang og ein plan for den enkelte undervisningstimen. Resten er rein improvisasjon i samhandling med studentane. Eg skriv ikkje ned eit einaste ord eg skal sei, alle orda og praksisforteljingane blir improvisert fram basert på den grunnleggjande planen min.

Kvar gong eg startar opp nytt kull i emna strategi og prosjektledelse, skriv eg på tavla: «A plan is nothing, planning is everything». Kvifor? Eg tok rådet frå Sigmund Kvaløy Setreng på alvor. Studentane mine må lære seg korleis ein skal utvikla ein strategiplan, ein forretningsplan eller ein prosjektplan. Men eg er ein vaksen mann med rimeleg mykje praksis-, prosjekt- og livserfaring, som veit at det aldri går som planlagd. Verken arbeidsåret, prosjektet eller i livet går det som planlagd. Du må improvisere. Men du slit utan ein plan, ein struktur, eit mønster eller gode vanar i botn.

Dyktige fagfolk som Okkenhaug og Messi, kan improvisere over ein plan, ein struktur eller eit mønster. God teknikk og spesifikk fagkunnskap krevs sjølvsagt også. Det hadde Paul Okkenhaug, og det har Lionel Messi.

Eg opplevde aldri Okkenhaug i levande live, men kjenner ein del av musikken hans. Som kantorist har eg sunge fleire av komposisjonane hans. Okkenhaug har sin signatur, som ein kjenner att i komposisjonane. Det er nokre klangar og tonesprang som går att. Eg høyrde det godt i Maija Skille sine soloparti under Levangerkantaten i Kulturuka, og under Erling Neergård sine improvisasjonar i Levanger kulturkirke.

Messi har eg sett mange gonger på fjernsynet mitt. Messi har, som Okkenhaug, sin lett kjennelege signatur. Eit ekstremt lågt tyngdepunkt, ei ballføring med ultrakort avstand mellom ball og fot, samt eit blikk på konstant overvåking av det som skjer på bana.

Dei siste vekene har eg praktisert som rørleggjar på hytta vår ut i Namsfjorden. Enkle greier, eg har installert ny varmstvasstank, kopla den til kaldvatn og kopla saman eit par kald- og varmtvassrør til kjøkkenvask og (ute)dusjen.

Rett nok har eg hovudfag i straumningsteknikk frå NTH-skulen, men eg er ufaglært rørleggjaramatør. Eg kan lese tekst og teikningar og eg kan improvisere, men eg er ikkje proff som kan planlegge innkjøp og montasje av røropplegget. Vi kjem i mål, men det blir mykje rør (?) og mange turar til Biltema. Eg lovar å bruke faglært rørleggjar når eg skal gjere rørarbeid i huset mitt. Proffar er proffar, fagfolk er fagfolk, amatørar er amatørar.

Som ufaglært handverkar vert eg minna på at improvisasjonsevne ikkje er nok. Om ein vil bli god fotballspelar, jazzmusikar, rørleggjar, arbeidstakar, leiar, forelder, partnar eller ektefelle, må ein kombinere struktur og improvisasjon på ein god måte. God improvisasjon er basert på fagkunnskap, teknikk, utstyr, plan, struktur, samhandling og kreativitet.

Som han sa Eisenhower: Ein plan er verdilaus, men planlegging er alt. Det går aldri som planlagd. Men alt du har lært under planlegging, og alt du har øvd på, kjem til nytte når situasjonar kjem og ein må finne løysingar på problem.

Ove Taranger Nesbø

Lærar, musikklyttar, stratergirådgjevar og ex fotballspelar