Dagens spaltist

I’m still confused, but now on a much higher level

Etter å ha lese denne teksten vil du framleis vera forvirra, men truleg på eit mykje høgare nivå enn før.

Ove Taranger Nesbø, logobilde Spaltist i Innherred Lærer, kirkesanger og autodidakt Dylan-tolker 

Spaltister

Denne teksten handlar om vanskelege ord som klimatiltak, naturvern, miljøvern, landskapsvern, jordvern, bærekraft og det grøne skiftet. Mange trur at desse orda er synonym, men det er dei langt i frå. Forvirra? Etter å ha lese denne teksten vil du framleis vera forvirra, men truleg på eit mykje høgare nivå enn før.

Heilt sidan kompisen min, Frode, kalla meg natursvin ein gong i naturvernåret 1970, har eg hatt eit nært forhold til naturvern og miljøsaka. Naturvern og miljøvern tala til hjarta mitt og utfordra hjernen min. Eg vart aldri miljøaktivist. Gjennom utdanning har eg skaffa meg relevant kunnskap, og gjennom mine 30 år som arbeidskar har eg arbeidd mykje med miljøoppgåver. Eg forsøkjer her å formidle korleis eg ser på miljøsaka i dag, og korleis eg tolkar sentrale omgrep og aktørar.

Eg tek som gitt at du også er forvirra: Kva er miljøvern? Kva er naturvern? Kva i all verda er det grøne skiftet som alle snakkar om?

Før var det enkelt: Det var naturvern mot utbygging, det var naturvern mot forureining og det var til dels naturvern mot økonomisk vekst og materielt forbruk. Her på Innherred har Naturvernforbundet alltid stått sterkt, og det har vore mange konfrontasjonar mellom naturvern og det vi kan kalla tradisjonell samfunns- og industriutvikling. Vi kan nemne saker som kraftutbygging i Forravassdraget, jfr Rotmo sin vakre låt «Vømmøldalens siste vår», sementfabrikk i Børsåsen, utfylling av Levangersundet, utviding av Verdal Industripark Ørin Nord og gasskraftverk på Skogn. Alle saker der Naturvernforbundet i stor grad fekk stoppa utbygging.

For å vera tydeleg: Eg meinar Naturvernforbundet her gjorde legitimt og svært godt arbeid og god innsats. Men hadde dei rett? Tja, det kjem an på kva for perspektiv ein har og kva for verdiar ein set høgast. Natur? Lokalmiljø? Globalt klima? Matjord? Det grøne skiftet?

Eg vil her grunngje min påstand om at miljøvern ikkje finns, og mitt ønskje om å skrote ordet miljøvern.

Ordet miljøvern er eit samlande omgrep for arbeidet med å verne arter og økosystem, samt sikre menneske eit godt livsmiljø. Under denne paraplyen er tema som naturvern (vern av urørt natur), klimavern, kulturlandskapsvern, lokal- og bymiljøvern, enøk og så vidare.

Min påstand er at ein ikkje kan vera naturvernar, klimaforkjempar og kulturlandskapsvernar på same tid.

Er du naturvernar vil du kjempe mot vindmøller og for store rovdyr i norsk natur. Er du klimaforkjempar er du for vindmøller, gjengroing av utmark, dieselbilar og bruk av matjord til bustadbygging og næringsverksemd ved byar og industriområder. Vil du verne kulturlandskapet er du mot store rovdyr, for beiting i utmarka og mot bruk av matjord til andre føremål enn jordbruk. Er du forkjempar for godt bymiljø, er du mot dieselbilar i bysentrum og for bruk av matjord til bustadbygging og næringsutvikling tett på bysentrum.

Det finns difor såkalla miljøorganisasjonar som representerer desse ulike miljøsakene. Naturvernforbundet (og Natur og Ungdom) kjempar for det klassiske naturvernet, med hovudvekt på norsk natur. Stiftinga Bellona er mest opptatt av klimasaka og andre globale miljøutfordringar, som til dømes atomavfall. Miljøvernforbundet har forureining i norsk kystmiljø som hovudsaker. Det er viktig å merke seg at desse organisasjonane, på ulikt vis, treng inntekter og mediemerksemd. Dei kan av den grunn prioritere saker og konfliktar ut frå mål om mediemerksemd, medlemsengasjement og inntekter, snarare enn om den konkrete saka objektivt sett er ei viktig miljøsak.

Desse organisasjonane kjem ofte i interessekonfliktar med næringsorganisasjonar og –aktørar, som på ulikt vis prøver å skape materielle verdiar der natur og ytre miljø vert påverka av utbyggings- og produksjonsprosessar. Energiselskap vil bygge ut nye energianlegg, industrien vil ha rimeleg kraft, mange vil ha straumnett til el-bilar over alt, havbruksverksemdene vil ha tilgang til sjøen for å produsere fisk. Landbruksaktørane, som historisk sett er den næringa som i størst grad har påverka naturen, kjemper for matjorda, beiteressursane og skogplantinga. Staten, eller folket, vil ha gode og trygge vegar over alt.

Midt opp i det heile prøver redaktørstyrte medieverksemder å skrive om «miljøvern», i ein krevande konkurranse mot synsing og konspirasjonsteoriar på sosiale og usosiale mediekanalar.

Vart du forvirra no? Eg er også forvirra.

Ein gong rekna eg meg som miljøvernar, men den identiteten gav eg tidleg opp. På 80-talet gjekk eg på NTH-skulen, og plukka med meg alle miljøvekttal som på den tid fanns på Gløshaugen. Gjennom 90-talet arbeidde eg som enøk-misjonær og energirådgjevar for industri og byggeigarar i heile landet. På 2000-talet dreiv eg klima- og energirådgjeving for norske kommunar og energiverk. Så flytta eg inn på universitetet, der vi får betalt for å tenkje, skrive og undervise. Om du googlar namnet mitt og plussar på stikkord som energi, miljø eller klima, så finn du spor etter meg her og der. Mange planar, eit og anna bioenergianlegg og ei og annan verksemd. Eg har ikkje blitt rik. Eg har ikkje redda verda og heller ikkje sett lyset. Men i periodar har eg gjort det beste eg kunne, på det eg trudde var viktig og rett den gongen.

Har eg blitt klokare? Tja, eg håpar det. Eg skjønar i alle fall at det ikkje finns enkle løysingar og at miljøvern ikkje handlar om svart og kvitt, eller rettare sagt svart og grønt.

No vil eg ikkje spreie missmot og splid. Det er difor rett og rimeleg å trekkje fram miljøtiltak som få eller ingen er i mot. Energieffektivisering, enøk, vil tene dei fleste interessene. Meir effektiv vasskraft-produksjon kan ein vanskeleg argumentera mot. Drivstoffeffektive bilar kan vel knappast nokon snakke ned. Er ein teknologioptimist, kan ein tru på heilhjarta innsats på desse og andre felt.

Slik ståda er no, er «miljøvern» ei utfordring for samfunnet med sterke interessekonfliktar og frontar. Det er difor, etter mitt syn, viktig at vi sluttar å snakke om miljøvern. Vi treng debatt om vegval og prioriteringar om matproduksjon, energiforvaltning, kulturlandskap og menneskemiljø. Vi må gjere desse utfordringane og interessekonfliktane tydelege.

Det er i dag klare frontliner mellom dei som kjempar for globale miljøutfordringar og dei som er opptekne med vern av norsk natur, eksempelvis vindkraftutbygging versus naturvern og kulturvern, mellom rovdyr og kultur(landskaps)vern, mellom vegbygging og jordvern, mellom matproduksjon, klimagassutslepp, naturvern og lokalmiljø. Desse utfordringane må vi debattere, og vi må ta stilling til kva vi skal gjere.

På Innherred har vi fått til mykje bra, synes eg. Vi produserer og foredlar mat på ein rimeleg effektiv måte. TINE sitt meieri på Verdal er blant dei mest energieffektive i verda. Men samstundes veit vi at produksjon av raudt kjøt er blant dei største klimagassutsleppa i Trøndelag og i verda.

På Innherred foredlar vi avispapir og kalk i stor skala, med høg effektivitet. Men kalkutvinning set spor i Tromsdalen, og vi ofrar vår natur for å produsere Europas beste og mest klimaeffektive kalk.

Vi er norske pionerar på storskala produksjon av biogass, ved selskapa Ecopro og Biokraft. Vi omformar biorestar frå hushald og ulike næringar til fornybart drivstoff til bruk i byane våre.

Kommunane våre har også gjort mykje for redusere klimagassutsleppa og kostnadene ved kommunale bygg og anlegg. Dei har også lagt til rette for gode energi- og klimaløysingar i industriparkane på Skogn og Ørin, og ved regulering og planarbeid for fortetting rundt byane og industriområda.

Sjølv kjenner eg meg som ein halvgamal, desillusjonert enøkmisjonær, og det er ikkje usant. Men når eg tenkjer meg godt om, slik eg gjer nett no, eg er også litt stolt av det vi har gjort og relativt optimistisk på vegne av jorda, menneska og lokalmiljøet. Vi kan i alle fall gjere dei tiltaka som vi alle er samde om, og gå inn i interessekonfliktane med kvessa våpen og ærlege motiv og metodar. Det grøne skiftet kjem, men det er ikkje noko sesam-ord.

Etter mitt syn er det ingen grunn til å stoppa utvinninga av olje og gass i norske farvatn, med «det grøne skiftet» som einaste motivasjon. Dei globale klimautfordringane blir ikkje mindre av at Norge sluttar å ta opp olje. Eg har meir tru på internasjonale avtalar og aktiv bruk av målretta avgifter og avgiftsfritak.

Eg er framleis forvirra, men ikkje motlaus. I 2018 og åra framover blir mine prioriteringar:

Eg vil arbeide for at vi kan produsere meir mat i sjøen, med mindre negative konsekvensar for norsk natur og med lågare CO2-fotavtrykk. Eg vil engasjere meg i kampen mot vindkraftutbygging i Flatanger/Namdalseid og Stølsheimen. Eg vil arbeide for utvikling av teknologibaserte tenester for meir effektiv bruk av energi i norske yrkes- og industribygg. Eg vil ta til orde for beiting og mot attgroing av utmarka, sjølv om det vil krevje at det vert mindre plass til store rovdyr i norsk natur.

Miljøvern finns ikkje, men du kan kjempe mot klimaendringane og for naturen, kulturlandskapet, matjorda og bymiljøet. Eg er framleis forvirra, men ikkje likesæl. Menneske treng mat, vatn og energi, og det er vår oppgåve å skaffe mat, vatn og energi med minst mogeleg skade på naturen og med tanke på tusenvis av generasjonar menneske etter oss.

Ove Taranger Nesbø

Tidligare enøk-misjonær og miljøvernar

No teknologioptimist, gründer og forskarspire