Spaltisten

«For namdalingane er Steinkjer ein by ein køyrer gjennom på veg sørover»

Dagens spaltist skriver om sentrum periferi.

Vi har ikkje eit naturleg sentrum i Nord-Trøndelag, og fleirtalet av nordtrønderar vil ikkje ha det heller, skriver ukas spaltist. Her et bilde av rådhuset i Steinkjer.  Foto: NTB scanpix

Spaltister

Først eit spørsmål til deg: Kva heiter administrasjonssentra i fylka Finnmark, Aust-Agder og Sogn og Fjordane? Hadde du eit, to eller tre rette svar? Om eg hadde stilt same spørsmålet til folk utanfrå Trøndelag, om administrasjonssenteret i Trøndelag, kor stor del hadde svart rett trur du?

Dagens spaltist: Ove Taranger Nesbø 

Dei siste vekene har omgrepet sentralisering kome til nytte igjen, og denne gongen handlar det om arbeidsplassen min: Nord universitet. Sett frå min synstad handlar ikkje det framlagde forslaget til rektor til ny campusstruktur om sentralisering, men så er min ståstad i Levanger. Sett frå Namdalen eller ytre Helgeland handlar kan hende dette om sentralisering.

No har eg tenkt ein del på ordparet sentrum – periferi, som er tema mitt i denne spalta denne gongen. Denne tankeverksemda har si rot i at eg er stril, eg er frå folket som omkrinsar byen Bergen. Som fleire av lesarane i Innherred sikkert har notert seg, tenkjer bergensarar at byen deira er sentrum i verda og den rettmessige hovudstaden i landet. Slik har det vore i snart tusen år. Bergen by har sopt til seg verdiar, arbeidsfolk, makt og kultur frå store delar av kysten. Strilane som klorte seg fast i knausane og fjordarmane rundt denne verdsmetropolen, levde i vakuumet frå storbyen.

Ofte er det slik at storbyen trekkjer til seg alle ressursar, og periferien står att med lite. No er Norge kanskje eit unnatak i Europa, og Nord-Trøndelag eit av unnataka i Norge. Finnmark, Nord-Trøndelag, Sogn og Fjordane, Aust-Agder og kan hende fleire av austlandsfylka, har ikkje storby som eit klart definert sentrum. No er alle desse sentrumslause fylka i ferd med å smelte saman med nabofylka sine som har storby.

Nord-Trøndelag har i gamal og nyare tid ikkje hatt noko naturleg sentrum, men har i staden spreidd sentrumsfunksjonar, marknader og infrastruktur over fleire småbyar. Når eg forklarar fåkunnige vestlendingar og andre søringar om Nord-Trøndelag, brukar eg forklare at det er fem landsbyar her: Stjørdal, Levanger, Verdal, Steinkjer og Namsos. No kan vi vel leggje til Rørvik som den sjette landsbyen, å kalle Kolvereid ein by er vel ei tilsniking.

Eit av dei sympatiske trekka med Nord-Trøndelag er nettopp at småbyane delar på funksjonane. Makt, ressurstilgang og verdiskaping er og har vore meir spreidd utover i Nord-Trøndelag enn dei fleset andre fylke, der nesten alle vegar og makttrådar vert knytt saman i byane Trondheim, Tromsø og Bergen. Dette pregar folket og tenkinga i Nord-Trøndelag.

Det er difor naturleg og sjølvsagt at namdalingane no reagerer. Namsosingane har aldri kjent det naturleg å tenkje på Steinkjer eller Levanger som sentrum i fylket. Namsos er og skal vera sentrum i Namdalen.

For namdalingane er Steinkjer ein by ein køyrer gjennom på veg sørover, berre seinka av altfor mange og knappe rundkøyringar. Levanger er ein by som namdalingane heldigvis kan køyre forbi, utan å irritere seg over.

No når omstruktureringar ser ut til å vera normalen i alle offentlege verksemder, vil det vera naturleg og sjølvsagt for dei fleste nordtrønderar at dette skal jamnast utover alle landsbyregionane. Vi ser at det i vår digitale tid med gode vegar, kan vera rasjonelt å samle fysiske einingar og funksjonar på ein eller få stader, men då er det viktig at ikkje alle offentlege og offentleg styrde verksemder samlar sine einingar og funksjonar i same landsby. Vi har ikkje eit naturleg sentrum i Nord-Trøndelag, og nordtrønderane vil ikkje ha det heller.

Det var stort fleirtal for å samla Trøndelag i eit fylke, og dei fleste opplever Trøndelag som ein naturleg eining med Trondheim som by. Vi kan sjå på Nord-Trøndelag som eit biljardbord med 6 hol, der dei offentlege teneste- og forvaltningskulene skal ned. Arbeids- og funksjonsdelinga mellom dei fem-seks landsbyane i Nord-Trøndelag er tufta på en lang tradisjon, og tanken på at Staten og fylkeskommunen i denne digitaliseringstida samlar sine fysiske tenestetilbod og administrasjonsfunksjonar i ein eller få av landsbyane uroar mange, i alle fall i Namdalen.

Ove Taranger Nesbø

Stril i eksil i Levanger og tidvis namdaling