«Lytt folkens, lytt og del gode musikkopplevingar med andre»

Spaltisten har gjenoppdaget «Wish You Were Here».

Ove Taranger Nesbø  

Spaltister

Det er ferie og eg er på hytta, med avgrensa tilgang til nett og strømmetenester. Eg er difor på andre mediekanalar: bøker, radio, DVD, Spotify, CD, tidsskrift, ei og anna avis. Vi trivs i Namsfjorden og saknar ikkje nettet og strømmetenester. Dessutan er det kort veg til svigersvoger, om vi vil oppdatere oss på FB, vglive.no og Gmail.

Som ein konsekvens av dette, sette eg ei kveldsstund på «Wish You Were Here» av Pink Floyd, og lytta meg gjennom plata for første gong på lenge. No har den gått fem-seks rundar. Det kjennes som eg har møtt att ein barndomsven eg ikkje har snakka med på lenge. Dette er ein klassikar frå 1975, som eg og mange av dykk har innabords ein stad, men kanskje har gløymd.

Eg kan ikkje huske første gongen eg høyrde «Wish You Were Here», WYWH heretter. Derimot huskar eg første gongen eg høyrde forgjengaren «Dark Side Of The Moon». Eg estimerer året til 1974, eg var då 11 år. Det var hos kompisen min, Frode. Ein av dei eldre brørne til Froden hadde kjøpt inn Dark Side, og nokre av Frode sine vener vart ei sommarnatt innkalla for å høyre dette underverket av musikk. Do-donk, do-donk, do-donk, hjerta slo i bringa og det kjentes i magen.

No gjeld det altså WYWH, plata Wish You Were Here av Pink Floyd. Som mange av dykk veit er dette ei plate med berre fem låtar, der første låta «Shine On Your Crazy Diamond - Del 1» tek over 13 minuttar og Del 2 tek over 12 minuttar. Dessutan glir spora over i kvarandre, med lydeffektar og lagar eit samanhengande musikkstykke. I CD-formatet er det eit verk på 43 minuttar, men som mange av oss huskar måtte vi snu LP-plata vel halvegs.

Det første som tok meg denne kvelden ut i Namsfjorden var lydeffekten ved slutten av Shine On Part 1, der ei marinisert dieselmaskin dunkar kjende lydar i fast takt gjennom høgtalarane mine. Då måtte eg starte på nytt, lytte tekstar og musikk.

I mangel på TV og internett, har vi sjølvsagt skikkeleg lydanlegg på hytta: ein Tandberg Huldra 10, med to store Tandberg-høgtalarar og ein gamal og stor Phillips-høgtalar tilkopla. Det gamle, analoge vedunderet er kopla til mi Spotify-maskin, via ein blåtann-dings av merket harmon/kardon. Ein god kopling mellom den digitale og analoge lydverda, syns eg.

- På bordet fram føre meg ligg CD-coveret til WYWH. Det gjev ikkje same kjensle som å halde LP-en i handa. Eit LP-cover er rett format, mimrer Ove Taranger Nesbø.  

WYWH startar vart og fint, med orgelet som flyt taktlaust gjennom rommet. Nett no skjønar eg at det er første gongen eg nyttar ordet taktlaust med opphaveleg meining. Så kjem takt i musikken og, etter 8 minuttar og 40 sekundar, kjem ein svært utfordrande tekst. Høyr berre:

«Remember when you were young, you shone like the sun. Shine on your Crazy Diamond. Now there’s a look in your eyes, like black hole in the sky. Shine on your crazy Diamond.» Jau, eg veit den handlar om Syd Barret, og hans sjølvmedisinering av sin tunge mentale sjukdom, med stimuli som ein knapt får på resept på lovleg vis.

På bordet framføre meg ligg CD-coveret til WYWH. Det gjev ikkje same kjensle som å halde LP-en i handa. Eit LP-cover er rett format. Ca 33,3 x 33,3 cm, om eg ikkje hugsar feil. Rett format på ei innpakning av ei plate som skal gå 33,3 rundar i minuttet. Dette er impulsiv spekulasjon, og ingen ting anna.

Attende til CD-coveret. Kvite papirflater dominerer, med nokre merkeleg bilete, tekstar og informasjon om musikarar, komponistar og produsentar. Tema er varme. Eller eld. Eld og vatn? Framsidebilete viser to dresskledde menn som helsar på kvarandre i et industrielt miljø. Sola skin. Den eine mannen er i flammar, utan at han let seg merkje av det. Dessutan ser det ut som sjølve coverpapiret er merkt med eld.

Vel, nok om det. Eg er mest interessert i fløyelsmusikken, og no tekstane. Har du ei spelemaskin nær deg, kan teksten med fordel lesast til musikken. Tittellåta går slik i originaltekst:

Wish You Were Here

So, so you think you can tell

Heaven from hell

Blue skies from pain

Can you tell a green field

From a cold steel rail?

A smile from a veil?

Do you think you can tell?

Did they get you to trade

You heroes from ghosts?

Hot ashes from trees?

Hot air for a cold breeze?

Cold comfort for change?

And did you exchange

A walk on part of the war

For a lead role in a cage?

How I wish, how I wish you were there

We’re just two lost souls

Swimming in a fish bowl

Year after year

Running over the same old ground

And how we found

The same old fears

Wish you were here

Eg tolkar denne teksten som ein ironisk monolog frå Roger Waters, som talar til den galne venen (you crazy diamond) som har sett lyset og ikkje kan samspele med vanlege folk. Folkens, vi kjenner alle nokon nyfrelste, som skjønar alt. Vi kjenner oss sjølve, vi har vore nyfrelste dei fleste av oss, på eit ellar anna vis: Jesus, Mao, diettar, Yoga, teoriar, kunst, Liverpool, golf eller liknande. Rogern er hard og ironiserande, men kjem med eit inderleg ønskje og ei bøn om at den bortkomne og sinnsjuke venen kjem heim att. Vi er i same båt. «How I wish, how I wish you were there. We’re just two lost souls, swimming in a fish bowl, year after year».

Her er min versjon:

Om du var her

Så, du ser alltid forskjel:

på himmel frå hel,

blått hav frå storm?

Skil du perler for svin,

ei grein frå ein orm?

eit smil frå eit grin?

Ser du alltid forskjel?

Så, så du har vel det slik:

Skil truskap frå svik,

havskodde frå dis?

nordavind frå kveldsbris?

Du er uansett

trygg på du har rett

Veksla du bort ditt talent

mot suget etter å bli rik?

Om du var, om du var med meg her

Vi er bortkomne får

som år etter år

same kva som skjer

spring ut og rundt i ring

finn ingen ting

Du veit at eg ber,

om at du var her

No, midt i den kalde og våte sommaren, fann eg att varmen og elden frå «Wish You Were Here». Eg fann att gleda av å høyre ei heil langspelplate om att og om att, lytte, lese og tenkje. Eg likar å tru at eg i mine beste stunder kan ta inn kunst og bodskap frå dei av oss som maktar skape og dele noko viktig. Roger Vatn og resten av den rosa fløyelsgjengen skapte stor kunst, og til all lukke produserte dette i fantastisk lydinnpakning.

Finn fram stereoanlegget, platespelaren, CD-spelaren og platene dine. Lytt folkens, lytt og del gode musikkopplevingar med andre.

To be played at full volume.

God sommar.


Ove Taranger Nesbø

Halvgamal og halvanalog progrock-likar