Spaltisten: «Ting tar tid, men no er truleg Atle Aune og gjengen hans verdsmeistrar.»

Atle Aune daglig leder Snekkeriet Verdal AS   Foto: Tor J. friberg

Det er merkeleg kor lang tid det tar å endre seg. Ein skulle tru at vi var meir omstillingsdyktige i vår tid. Det kan no ikkje vera så vanskeleg å få det til å fungere.    

Ove Taranger Nesbø
Spaltister

Mitt første bidrag i denne spalta handla om endring. Sidan den gong har det det hendt så mykje endring, at eg må ta oppatt tråden frå februar 2018.

Les spalten her: Radioen er død – lenge leve radioen

Nittande juli 2018 sende styret i Rosenborg ut pressemelding om at Kåre Ingebrigtsen og Erik Hoftun var fjerna som trenarar i Rosenborg. RBK hadde då vunne serien tre år på rad, vunne cupfinalane i 2015 og 2016, spelte fin RBK-fotball, låg på andreplass i eliteserien og skulle om få dagar ut i kvalifisering om plass i Champions Leauge. Eg og dei fleste fotballinteresserte reagerte med vantru. «Det er naivt å tru at en kan gjennomføre store endringar utan ekstra investeringar samtidig som drifta går som før», skreiv mine professorar frå NHH, Inger Stensaker og Christine Meyer, i Ukeavisen Leiing (2012). Trudde verkeleg styret i RBK at ein kunne skifte trenar to gongar på kort tid, og at fotballaget skulle lære seg å spele betre og meir effektiv fotball? Ein treng ikkje vera professor i endringsledelse for å skjøna at dette var gambling og overtru. Det rekk med nokre års fartstid med fotballspeling, fabrikkarbeid eller sjukehusarbeid

.

Ukas spaltist er Ove Taranger Nesbø. I dag beskriver han seg som ein ite endringsdyktig universitetslektor i faget «endringsledelse». 

Flere tekster av Ove Taranger Nesbø finner du her

Det tar årevis med mønstertrening for spele god Rosenborgfotball. No har Bjørnebye tatt på seg rolla som offerlam, utan eg trur mykje kjem til å endre seg positivt av den grunn.

Siste fredagen i januar kvart år, møtes fem halvgamle vener frå Russ 82 ved Lindås Gymnas, til mat og prat i Bergen. Vi er Norhordland Mimrelag av 1982. Vi snakkar om livet, familie og jobb, oppturar og nedturar. Tre av oss har rota oss vekk i arbeidslivet, og har hamna i akademia. Dei siste to har berga seg, så langt. Ved vårt siste møte i januar 2019, spurte desse to professorkompisane mine meg korleis det gjekk med oss der oppe i Nord universitet. Eg svara så ærleg eg kunne, at det var nok å styre med, og avslutta med at «vi er då midt i ein fusjonsprosess». «Er det ikkje over tre år sidan fusjonen då?» repliserte dei. «Nettopp, vi er vel snart halvegs i fusjonsprosessen, håpar eg». No, knapt eit år seinare er eg ikkje så optimistisk, eg trur fusjonsprosessen i Nord universitet vil ta ti år. Tidlegare statsekretær i Kunnskapsdepartementet Bjørn Haugstad misjonerte for fusjonar i UH-sektoren. Statssekretæren burde ha, eller rettare sagt burde hatt, kunnskap om kostnadene ved store fusjonar. Dei fleste rekneskap har ei inntektsside og ei kostnadsside.

Når vi sjølv er med å bestemma endringstiltak, kan det kjennes frigjerande og energigjevande. Om andre har bestemt endringstiltak, utan at det gjer tydeleg meining, kan det det vera uuthaldeleg og øydeleggjande. Når ei krise rammar ein, må ein berre mobilisere til endring, for å overleve.

Det er over ni år sidan Snekkeriet på Verdal brann ned, bygget altså, verksemda står og går framleis. Det var krise, men arbeidslaget hans Atle Aune gav ikkje opp. Dei bygde seg ny fabrikk, eit nydeleg bygg, i tre sjølvsagt, og eit topp moderne produksjonsanlegg. Den nye produksjonslina og organiseringa av dei skreddarsydde lokala var godt planlagt. Eit år etter brannen, var produksjonen og verksemda i gang. Imponerande. Eg hadde regelmessig kontakt med dei på Snekkeriet i åra etter restarten. Eg kjem frå ei møbelbygd på vestlandet, og det lukta så godt på nysnekkeriet, så eg stakk innom no og då. Dessutan er eg over gjennomsnittleg interessert i trearbeid, organisering og lokal verdiskaping. Eg var i den tid i heiagjengen og fanklubben til arbeidslaget hans Atle. Litt over året etter oppstarten, spurte eg Atle: «Har det kome opp i full produksjon no? Fungerer alt som planlagt?» Svaret til Atle overraska meg: «Nei, veit du kva Ove, det tar tid å lære seg det nye utstyret. Vi var jo norgesmeistrar i å bruka den gamle og umoderne produksjonslina. Alle desse daglege småoppgåvene og rutinane alle kunne.» No mange år etter, er truleg gjengen på Snekkeriet verdsmeistrar også på det nye utstyret. Men det tok tid.

Gamal vane er vond og vende, sjølv dei gode vanane.

Sist helg var dama mi og eg på seinhausttur i Oslobygda, og opplevde mange gongar at ingen på butikken eller restauranten snakka norsk. No var ikkje det særleg problematisk for oss, då vi klarar oss relativt godt på utanlandsk. Men eg må innrømma at vi vart litt småsure og irriterte, over at morsmålet ikkje fungerer i fedrelandet. Vi kjende på endringsmotstand, fordi det dette kjennes meiningslaust. Kvifor er det slik? Må det vera slik? Må vi ofre språket vårt for å ha ei open dør mot verda? Vil vi vera norske når vi ikkje kan snakke norsk i kvardagen? Er det så nøye? Eg kjenner djupt inn i meg at språket er tett knytt til den eg er. Eg er Ove Taranger Nesbø når eg snakkar norsk og skriv norsk, eg er ikkje fullt ut meg sjølv når eg snakkar og skriv engelsk.

Utan språket mitt er eg berre halv mann, halvt nordmann.

Nesten kvar helgemorgon, lørdag og søndag, høyrer vi på Nitimen på NRK P1. Nitimen er ombygd, totalrenovert og ikkje til å kjenne att. Har du fått det med deg? Til og med kjenningsmelodien er bytt ut. Nesten ein halv million nordmenn- og kvinner høyrer dagleg på Nitimen, truleg fleire i helga, og så endrar dei heile konseptet. NRK har endra Nitimen utan åtvaring og forklaring, det er heilt utruleg. Det er heilt fantastisk. Trond Viggo & co har innovert og utvikla Nitimen til det betre, mykje betre. Dei berre gjorde det, utan styr og ståk. Innførte nytt opplegg, nesten umerkeleg. No kan eg nyte ein god kopp kaffi ein lørdagsmorgon, medan Trond Viggo eller ein av hans gode kollegaer har ein lang og god samtale med ein invitert gjest. Det kan vera ein fryd. Gjesten har ikkje noko å selje, ikkje ei bok, ei plate eller ein film å promotere. Vi får heller ta del i eit par-tre menneske sine tankar og livserfaring.

Endring kan vera vidunderleg, sjølv om det er utanfor kontroll. Av og til er ein millimeter nok. Men av og til må det kilometer til.

Denne hausten og vinteren prøver eg å venne kroppen min til å springe. Eg var ein gong ein løpar, ein springar, ingen sprang fortare og lengre enn meg på fotballbana. Så tok latskapen, travelskapen og matlysta overhand. Dei siste tre åra har eg knapt sprunge meir enn ein kilometer i gongen. Eg er tyngre enn eg burde, og varsellampane blinkar. Eg må ta tak og endre livsstil. Det er ikkje lett, det er ikkje smertefritt. Eg kan også røpe for Innherred sine lesarar at sirkeltrening ikkje er lettare no enn før, snarare tvert om. Det hjelper ikkje det slag å mimre om gamle bragder, applausen har lagt seg for fleire tiår sidan.

Ting tar tid. Gamal vane er vond å vende. Men endring kan no og då gje meining.


Ove Taranger Nesbø

Lite endringsdyktig universitetslektor i faget «endringsledelse»