Spaltisten

Vi er ikkje berre sløve og kunnskapslause, vi er systematisk feilinformert.

Ove Taranger Nesbø, logobilde Spaltist i Innherred Lærer, kirkesanger og autodidakt Dylan-tolker  

Spaltister

Mange snakkar og skriv om mindfulness, utan at eg heilt har klart å engasjere meg i temaet. Det er ikkje heilt mi greie. Eg er meir oppteken av factfulness. Mi julegåve til mine næraste var difor boka «Factfulness» av den svenske professoren Hans Rosling. Det var ikkje eit impulskjøp.

Den norske utgåva av boka ber den engelske tittelen «Factfulness», som eg her og no omset til «faktabasert». Undertittelen til den engelske utgåva av boka er rett og slett: «ti grunnar til at vi tek feil om verda - og kvifor ting er betre enn du trur».

Rosling var professor i folkehelsevitskap ved Karolinska Institutet. Det heile starta med at han oppdaga at studentane ikkje hadde fått med seg stort av utviklinga i verda dei siste 30-40 åra. Deira verdsbilete var prega av det ein lærte på folkeskolen på 70-talet, til dømes at verda er delt i to: I-land og U-land.

Professoren var overraska over mangelen på kunnskap hos interesserte og gløgge studentar. Det var feilkunnskap snarare enn kunnskapsmangel, noko som var sjokkerande for Rosling.

Hans Rosling bestemde seg så for å finne ut om også resten av verda hadde gått glipp av faktainformasjon om utviklinga i verda. Han laga difor eit sett med spørsmål av typen «Kvar bur størstedelen av befolkninga i verda?». Alle spørsmåla hadde tre svaralternativ, som dette (spørsmål 2 av 12): (A) I låginntektsland, (B) I middelinntektsland og (C) I høginntektsland. Kva er ditt svar på dette spørsmålet?

Med desse spørsmåla reiste han rundt i verda, og gjennomførte systematiske undersøkingar. Han spurte kvardagsmenneske, studentar, politikarar, nobelsprisvinnarar, sjimpansar og andre. I 2017 svara nesten 12000 menneske over heile verda på tolv faktaspørsmål som dette: Spørsmål 9 «Kor stor del av alle eittåringane i verda har i dag blitt vaksinert mot ein sjukdom?», med svaralternativa (A) 20 %, (B) 50 % og (C) 80 %.

Resultata av undersøkingane til Rosling var nedslåande, i alle fall om du har høge tankar om menneskerasen. Sjimpansene var den respondentgruppa som hadde suverent best resultat, med 33 % riktige svar. På spørsmål 9 (sjå førre avsnitt) hadde 6 % av franskmenn og tyskarar riktig svar, medan 15 % av britane, 17 % av amerikanarane, 18 % av nordmennene og 21 % av svenskane hadde riktig svar. Alle gruppene godt bak sjimpansane. Kva er ditt svar på spørsmål 9?

I den store undersøkinga, av 12000 menneske over heile verda, var det gjennomsnittleg rett svar på 2 av 12 spørsmål. Heile 15 % av dei spurte hadde ingen riktige svar. Ingen av dei 12000 hadde tolv riktige svar. Berre ein av 12000 hadde 11 riktige svar.

Resultata var ufatteleg og skremmande dårlege. Verre var det at det var systematiske feil. Vi er ikkje berre sløve og kunnskapslause, vi er systematisk feilinformert.

Med bakgrunn i dette sette Rosling, godt støtta av sonen og svigerdottera, i gang med å finna årsakene til desse vrangførestillingane og denne kunnskapsløysa. Korleis kan det ha seg at nobelprisvinnarar svarar mindre rett på allmenne faktaspørsmål enn sjimpansar? Dette kan vi lesa om i den her omtala boka «Factfulness: Ti grunnar til at vi tar feil om verda - og kvifor ting er betre enn du trur». Om du ikkje er lysten på å lesa denne faktaboka, kan du også google «Rosling», «factfulness» og «video».

No skal ikkje eg prøve på å igjenfortelje heile boka her, men berre kort nemne to av «ti grunnar til at vi tek feil om verda». Den første årsaka kallar Rosling for «gapinstinktet» og den andre «forverringsinstinktet».

Vi menneske har ein lei tendens til å dela verda i to, vi og dei andre. Dette kallar Rosling for «Gapinstinktet». Når vi på denne måten forenklar verdsbilete vårt, vert det ikkje berre unyansert, men direkte feil. Rosling presenterer her fakta for oss, med ei enkel teikning. Det var i 2017 ca 7 milliardar levande menneske på jorda, som vert illustrert med ein menneskefigur for kvar milliard. Om ein delar inn menneskeverda med tanke på inntekt, foreslår Rosling fire nivå.

Ein mrd. menneske lever på nivå 1, i ekstrem fattigdom der ein ikkje får dekka grunnleggande behov, med inntekt under 2 dollar pr dag pr person. Tre mrd. lever på nivå 2, i låginntektsfamiliar der ein får dekka grunnleggande menneskelege behov som mat, brensle og skolegang, 2-8 dollar pr dag pr person. To mrd. menneske lever på nivå 3, middelinntektsfamiliar, der barna går på vidaregåande skole og ein har mange tekniske utrustningar i heimen, dei lever på 8-32 dollar pr dag. Medan ein milliard menneske lever i høginntekstfamiliar, slik vi kjenner det, med inntekt meir enn 32 dollar pr dag pr person.

Dei fleste av oss delar verda i to, vi rike og dei fattige. Dei fleste menneske lever verken i ekstrem fattigdom eller rikdom, men verdsbilete vårt vert forvrengt av gapinnstinket vårt.

Den andre årsaka til at folk flest har systematiske feil i oppfatninga av verda, er i følje Rosling «forverringsinstinktet». Vi har ein lei tendens til å legge meir merke til det som er dårleg, snarare enn det som går bra. Dette instinktet er hovudårsaka til at vi ikkje har fått med oss at verda for dei fleste er i positiv utvikling.

For å sei det rått og brutalt: vi vert fordumma og feilinformert av å sjå og høyre nyheiter. Ei god nyheit, er i følje journalistane ikkje ei nyheit i det heile. Utviklinga på ein rekkje områder i samfunnet går sakte og sikkert framover i positiv retning, men det er ingen nyheit som vert omtala i massemedia. Ulukker, kriminalitet, krigshandlingar, konflikt, storm og uvær, kjem ofte i nyheitene. Difor trur vi at verda vert verre og verre.

Eg vaks opp i ein heim, der aviser og TV-nyheiter var viktig. Eg trudde lenge at eg måtte få med meg dei siste nyheitene, om eg hadde ambisjonar om å vera gangs menneske. Ein nær ven av meg sa ei gong til meg, eg hugsar til og med datoen som var vår ti års brudlaupsdag 12. april 1995: «Ove, du blir bare dummere av nyheter». Påstanden sjokkerte meg då, men eg tok det inn over meg.

I boka Factfulness, viser Rosling oss at koplinga mellom nyheitskonsum og forverringsinstinktet er ein farleg kombinasjon. Faktaspørsmål 3 i den store undersøkinga til Rosling er som følgjer. «I løpet av dei siste 20 åra er delen av verdas befolkning som lever i ekstrem fattigdom…», med svaralternativa (A) Nesten fordobla, (B) Meir eller mindre uendra og (C) Nesten halvert. Kva er ditt forslag til svar? 4 % av franskmennene og 5 % av amerikanarane svara rett, medan 25 % av nordmenn og svenskar hadde riktig svar. Blant sjimpansane hadde sjølvsagt ein tredjedel riktig svar.

Eg leita i slektshistoria mi i romjula, det var amerikaslekta på farsida mi eg såg etter denne gongen. Det var særleg ein ting eg måtte tenkje over: livet til Jakob Erikson Nedretveit (1831-1914). Jakob var farfar til mi farmor Magnhild, odelsgut på ein brattleint gard i Nordhordland. Jakob hadde 11 søsken, der fire døde som barn og fire utvandra til USA. Jakob og kona Ragnhild fekk sju barn mellom 1861 og 1877, der fire døydde som store barn eller unge og to reiste til USA. Heldigvis for meg, vart yngstemann verande heime og tok over garden. Folket på mitt Tveito var ikkje fattige, dei var bygningsfolk og bønder, men barna døydde av sjukdom og det var ikkje plass til fleire. Slik var livet mange stader i Norge for berre 150 år sidan. No er vi blant verdas rikaste land.

Denne veka døde ein to år gamal gut i ei trafikkulukke på Slemdal i Oslo. Å miste eit barn må vera det verste foreldre og besteforeldre kan oppleve. Vi har ingen barn å miste. NRK melde på nyåret om at ingen barn under 16 år her i landet døde i trafikken i 2019, medan 110 vaksne døde i trafikken. For femti år sidan (1970) døde 101 barn og 459 vaksne i trafikken. Trass i ein markant auke i folketalet og ein enorm auke i vegtrafikken, er talet på trafikkdrepne barn redusert frå mange til få.

«Verden går nu fremover, den har ikke noe annet sted å gå», uttala ein gong ei frue frå Øvre Singsaker. Verda går faktisk framover, i positiv retning på mange viktige område. Dette til din informasjon.


Riktige svar på spørsmåla gitt i teksten er:

  • Kvar bur størstedelen av befolkninga i verda? Riktig svar er (B) Middelinntektsland
  • Kor stor del av eittåringane i verda har i dag blitt vaksinert mot ein sjukdom? Riktig svar er (C) 80 %
  • I løpet av dei siste 20 åra er delen av verdas befolkning som lever i ekstrem fattigdom…… Riktig svar (C) Nesten halvert.


Kjelder:

https://www.gapminder.org/factfulness-book/

Rosling, Rosling & Rønnlund (2018). Factfulness – Ti knep som hjelper deg å forstå verden. Cappelen Damm Forlag.


Ove Taranger Nesbø

Universitetslektor og PhD-kandidat ved Nord universitet